Politikk og samfunn

«Denne spanske statsspionasjen er i realiteten eit angrep på demokratiet»

Grunnleggjande rettar blir råka, som retten til privatliv, ytringsfridomen, forsamlingsfridomen og retten til likeverd ved politisk deltaking, skriv Johannes A. Nymark.

Johannes A. Nymark
Førsteamanuensis emeritus ved NHH og forfattar av «Draumen om Catalonia. Katalansk identitet i historisk lys»
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Europa-parlamentet kritiserer Israel fordi landet set seg imot ei gransking av korleis det israelske spionsystemet Pegasus kan ha blitt nytta i Spania. Kan henda vil dette endra seg om den spanske regjeringa godkjenner ein palestinsk stat?

Frå diktatur til demokrati

Eg var mellom dei som lèt meg overtyda om at den spanske overgangen frå diktatur til demokrati etter 1975 var eit mønster for andre land.

 

quote-left

Her blei personar og vanar frå Franco-diktaturet førde vidare

quote-right

Det gjekk lang tid før eg oppdaga at i alle fall på eitt område var ein langt unna eit farvel med diktaturet, nemleg i rettsvesenet. Her blei personar og vanar frå Franco-diktaturet førde vidare på 1970- og 1980-talet, og vidare frametter.

Spesielt ille blei situasjonen etter som politikken i landet blei meir og meir rettsleggjort på 2000-talet. Særleg graverande er det at det organet som styrer det spanske rettsvesenet, CGPJ (Det allmenne rådet for rettsvesenet), i stor grad er utnemnd av Kongressen. CGPJ er sett til å styra så vel rettsorgan som dommarar.

Rettsleggjeringa av politikken viste seg på sitt klaraste då det konservative partiet PP (Partido Popular) i 2006 klaga inn 128 av dei 223 paragrafane i grunnlovsframlegget som katalanarane hadde debattert og fått godkjent, først i det regionale katalanske parlamentet og sidan i det spanske parlamentet i Madrid. Sommaren 2010 underkjente den spanske Grunnlovsdomstolen 41 av paragrafane.

Massiv spionasje

Ikkje nok med at spanske styresmakter nyttar rettsvesenet i kampen mot den katalanske suverenitetsrørsla.

Dei seinaste åra har ein også tatt i bruk ein massiv spionasje, ikkje berre mot katalanske politikarar og deira medarbeidarar, men også mange advokatar, journalistar, aktivistar og vanlege yrkesutøvarar.

I tillegg finst det kan henda hundrevis av nye saker, utan rettsleg godkjenning på førehand. Citizen Lab, eit kanadisk laboratorium som har spesialisert seg på cyberspionasje, har offentleggjort ein forskingsrapport som avslører at den katalanske suverenitetsrørsla har vore under konstant overvaking sidan 2017 ved hjelp av Pegasus-programmet. Denne skandalen er blitt avslørt av The New Yorker

 

quote-left

Undertrykkinga av den katalanske rørsla har eigentleg aldri tatt slutt

quote-right

Framgangsmåten til den spanske staten overraskar ikkje. Undertrykkinga av den katalanske rørsla har eigentleg aldri tatt slutt etter Franco-epoken. Dette ser ein gjennom Lova om offentleg hemmeleghald, som går tilbake til diktaturtida i 1968. Rettsleggjeringa av politikken kom klart fram i dagen då ein tidlegare katalansk president, Quim Torra, blei erklært inhabil fordi han nekta å fjerna ein plakat som kravde fridom for dei politiske fangane og for dei som lever i eksil.

Overvakingsteknologi

Eg har sjølv konkret røynsle for korleis spansk utanriksteneste har prøvd å påverka offentleg debatt rundt det katalanske spørsmålet. Ein redaktør som har publisert artiklar eg har skrive om det katalanske spørsmålet, er blitt kontakta av embetsmenn ved ambassaden, det same er arrangørar av informasjons- og debattmøte om same emne. Spesielt aktiv var den tidlegare spanske ambassadøren til Noreg, María Isabel Vicandi, som førte ein kampanje for å spreia ideen om at den katalanske sjølvstenderørsla skulle vere valdeleg (Operasjon Judas).

Pegasus er eit svært kontroversielt spionasjesystem utvikla av israelske NSO Group, som også styresmaktene i USA har svartelista. Pegasus kan koplast på mobiltelefonar som ein dinest kan henta ut informasjon frå.

Det er blitt avslørt at finske diplomatar har blitt utsett for slik spionasje. Om lag 60 katalanske politikarar og representantar for sosiale organisasjonar er blitt offer for det same.

Journalisten Ronan Farrow frå New Yorker, som står bak avsløringane i det katalanske tilfellet, hevdar at saka tydeleg syner kor farleg det er å overlata slik overvakingsteknologi til organ som er utan demokratisk kontroll.

Grunnleggjande rettar blir råka

Denne spanske statsspionasjen er i realiteten eit angrep på demokratiet og på menneskerettane. Grunnleggjande rettar blir råka, som retten til privatliv, ytringsfridomen, forsamlingsfridomen og retten til likeverd ved politisk deltaking.

Den spanske forsvarsministeren Margarita Robles har i ein tale til Kongressen rettferdiggjort spionasjen av den katalanske fridomsrørsla, noko som viser at styresmaktene er heilt og fullt klar over det dei gjer.

Alt dette set grenser for den dialogen ein har prøvd å få til mellom Catalonia og den spanske staten.

Nytt spor

Situasjonen var i særleg grad håplaus då det konservative PP regjerte. Når no dei regjerande sosialistane i PSOE har gått med på å gi amnesti til forfølgde katalanske politikarar og menneskerettsaktivistar, kan det sjå ut som regjeringa har fått det katalanske spørsmålet inn på eit nytt spor.

Men dei uavklarte klagemåla om ulovleg spionasje kan bli ein verkebyll i framtida. Det er òg paradoksalt at PSOE vil godkjenna ein palestinsk stat og feiar vekk alle forsøk på å røysta over ein uavhengig katalansk stat.