Identitet

«Dagane gjekk med til å lese om trening og ernæring»

Kor dum må ein eigentleg vere for å bli påverka og lurt av fitnessindustrien, og sosiale medium? Eg har dessverre svaret, skriv Torkel Eikevik.

Torkel Eikevik
Musikar og skribent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mitt namn er Torkel, og eg gret då eg blei fødd.

For femten månader sidan starta eg ei trenings- og kosthaldsreise for å byggje musklar, gå ned i vekt, og få det betre med meg sjølv. På grunn av algoritmane på sosiale medium, og forventningar til korleis eg skulle sjå ut, påverka det meg gradvis meir psykisk.

Fleire og fleire unge blir psykisk prega av den stadige eksponeringa av «perfekte kroppar» på internett. Tek du opp ei interesse for trening vil algoritmane på TikTok og Instagram vise deg ulike kroppar det er bort i mot umogleg å oppnå naturleg.

 Særleg dei siste åra ser ein ser ei kjempestor auke i bruken av anabole steroid, samtidig med ei auke i antalet menn med kroppsdysmorfi og eteforstyrringar.

Korleis har dette skjedd? Er ikkje det å ha eit fokus på trening, kosthald og ernæring i utgangspunktet berre noko positivt? 

quote-left

Kor dum må ein eigentleg vere for å bli påverka og lurt av fitnessindustrien?

quote-right

Og kor dum må ein eigentleg vere for å bli påverka og lurt av fitnessindustrien, og sosiale medium? Eg har dessverre svaret.

I utgangspunktet positivt

Etter mange år med å ikkje ta vare på meg sjølv, bestemte eg meg i fjor for å byrje å løfte vekter, drive kampsport, og ete sunt. Det har gjort underverk for ADHDen, fysikken, og helsa mi. Eg har utvikla meg frå dvaskt byfjes som åt mykje pasta og drakk uhemma mykje øl, til å likne det mor mi så fint kallar ein «sunn ung mann».

Denne nye interessa gav meg etter kvart eit heilt nytt liv, og er blitt ein viktig del av kven eg er, og kva eg gjer.

quote-left

Det å trene gav meg meir overskot, energi, livslyst, og gjorde meg sterkare og meir disiplinert

quote-right

Det å trene gav meg meir overskot, energi, livslyst, og gjorde meg sterkare og meir disiplinert. Eg brydde meg ikkje så mykje om resultat, det viktigaste var å komme seg på trening, slite seg ut, og nyte endorfinane og den gode søvnen.

Etter eit par månader kom også så vidt resultata, og eg byrja å få positive tilbakemeldingar. Livet smilte, og det gjorde eg også.

Det heile gav meirsmak, og interessa tok seg brått opp. I kjent stil var dette mitt nye alt, og dagane gjekk med til å lese om trening og ernæring, sjå treningsvideoar, og ikkje minst å trene. Alt ifrå tips om øvingar og kosthald, til korleis ein på naturleg vis kunne auke testosteronnivået. Eg var oppslukt, og ny stamkunde hjå iherb.

Eit negativt mønster

Feeden min var brått fullstendig dominert av halvnakne vakre menn. Ikkje nødvendigvis på grunn av dei årsakene ein skulle tru.

På YouTube, Instagram, og TikTok dukka det stadig opp nye såkalla «body transformations» som skulle fungere som motivasjon. 

Vanlege folk som endra fysikken sin innan eit visst tidsrom. Seks månader. Tre månader. Tre veker. Det blei meir og meir ekstremt. 

I utgangspunktet hadde eg vore fornøgd med den jobben eg gjorde. Men i forhold til alle desse menneska som stadig dukka opp på skjermen hadde eg svært lite å vise til. Dette måtte takast tak i.

Eg byrja å trene meir, og tenkte eg skulle la denne veksande misnøya motivere meg. Øktene vart hardare og meir intensive, mens eg heldt fram å sluke alt av treningsinnhald som algoritmane kasta min veg.

Men progresjonen var framleis ikkje bra nok. Ikkje rask nok. Korleis kunne nokon klare å endre seg så mykje på tre månader? 

Inn i kaninhola

Kaloriar vart talde, og innhaldet på kvar einaste matvare eg åt vart undersøkt. I mitt hovud hadde eg full kontroll.

Det var dette som skulle til for å få resultat. Det hadde eg sett. Macros, micros, kaloriar, protein, feitt, og karbohydrat. Mengda måtte vere perfekt fordelt skulle ein få optimale resultat.

Og resultata dei kom. Sakte og gradvis. Eg kunne ikkje sjå det sjølv. Men det å konstant skulle ete så sunt og kontrollert var begynt å bli ei utfordring.

Eg gjekk i kjellaren for kvart einaste pizza-stykke eg tillot meg å ete. Eg byrja panisk å spegle meg sjølv frå alle vinklar etter trening, i håp om å sjå forbetring. Etter kosekveldar med partnaren min vart eg sitjande å klype meg sjølv i magefeittet, medan eg førte inn dagens måltid i Lifesum-appen.

Illusjonen av kontroll byrja til slutt å breste. Eg skjønte at det eg haldt på med ikkje var berekraftig, og eg er rimeleg sikker på at eg på dette tidspunktet var i full gong med å utvikle ei eteforstyrring. 

Ein snakkar ikkje så mykje om det når det kjem til menn, men det er vanlegare enn ein trur. Tal frå NHS Digital data viser at eteforstyrringar hos menn kan ha stige med så mykje som 70 prosent berre dei siste seks åra. 

Det som starta som ei sjølvutviklande reise for å bli sterkare mentalt og fysisk, var no prega av tvangshandlingar og angst. Store delar av dagen min gikk til å tenke på mat, kilo, kaloriar, og musklar.

Svømmekroppillusjonen

For å demonstrere kvifor det er problematisk å bruke sosiale medium som ei kjelde til inspirasjon vil eg ta i bruk eit fenomen som heiter «svømmekropp-illusjonen». 

Dette går ut på at ein går ut frå at ein får store musklar av å svømme, fordi det er så mange muskuløse menn som svømmer. Realiteten er at folk byrjar med svømming nettopp fordi dei er muskuløse, og har ein bra disposisjon for idretten.

Det same gjeld naturlegvis kroppsbygging. Det vil seie at dei menneska ein ser på nettet som legg ut videoar av dei flotte fysikkane sine, ofte har eit knallbra grunnlag for å bygge musklar, og gjerne har gjort det i årevis.

Når det kjem til muskelvekst er ein av dei mest avgjerande faktorane kor genetisk anlagt du er. Nokre legg på seg musklar fort, andre seint. Andre held meir feitt. Nokre har smale skuldrer, andre store. Alle kroppar og alle menneske er ulike. Slik er det. Evolusjonen er nådelaus og den sparar ingen. 

Det er topp 1 prosent kroppar som algoritmane trekkjer fram, sidan det er dei som får flest reaksjonar, på godt og vondt.

Berre ein prosent

Hjernen min klarte aldri å kople at det berre var kanskje 1 prosent av befolkninga som såg slik ut. 

For det var jo 99 prosent av det eg såg i feeden min kvar dag.

Gradvis endra denne stadige eksponeringa til desse superkroppane biletet eg hadde av min eigen. Det er flautt å innrømme. 

Til slutt var det alt eg såg. På TikTok, YouTube, Facebook, og Instagram. Anten eg ville det eller ikkje. Berre eg opna appen, var det som det kom eit slag i ansiktet mitt, med beskjeden «du er ikkje bra nok».

Det kan verke som eg ikkje var heilt aleine om å føle at eg ikkje hadde ein slank og muskuløs nok kropp. For studiar og undersøkingar viser at det er ei kjempeauke i bruken av anabole steroid og såkalla SARMS Selective Androgen Receptor Modulators blant unge menn. Ikkje på grunn av dei prestasjonsfremmande verknadane det kan ha, men på grunn av usikkerheit ovanfor eigen kropp, og maskulinitet. 

Så lat oss snakke om denne unaturleg muskuløse elefanten i rommet.

Industriløgnen

Hollywood har i årevis selt løgnen om korleis ein kan sjå ut «med å trene fire gonger dagleg og ete kylling og brokkoli». Dette er sjølvsagt kodeord for testosteron, anavar, og clenbutrol. Det er ikkje før ein sjølv byrjar å trene at ein forstår kor mykje steroidebruk og prestasjonsframande midlar som blir brukt bak kulissane.

Før var dette øyremerkt skodespelarar, og profesjonelle kroppsbyggarar. Bruken er derimot blitt mykje vanlegare, og ikkje minst meir akseptert blant yngre menn. Sidan 1996 har bruken auka med 84 prosent hos menn i vidaregåandealder.

Enkelte studiar viser at bruken berre det siste året har firedobla seg for unge menn mellom 16–24 år. Fitness-guruar og påverkarar veks i fleng, og unge menn vil følge i deira, noko uærlege, fotspor.

Det å skaffe steroid er ikkje noko problem lenger. Eit google-søk, og ein reddit-post seinare og du er klar til å skyte mannehormon i rumpa. Så lett som å bestille seg eit par sko. 

Når unge menn som utviklar ei interesse for trening og muskelbygging blir bombardert av bilete og videoar av kroppar ein ikkje kan oppnå naturleg, er det ikkje rart dei då tenkjer at dei må ta til nåla sjølv. Fem års arbeid, på seks månader?

Større musklar, større følgjarskare, fleire damer, høgare status og eit betre liv? Høyrest bra ut. Folka på Love Island, Paradise Hotel, og Ex on the Beach gjer det jo, før dei blir glamorisert og idiolisert av media i ettertid. Og dessutan alle dei store fitnessinfluencerane. Til og med din favoritt marvel-helt.

Ikkje lenger sunt

Det som ein gong i tida var eit ønske dei fleste menn har, om å ha ein sunn, sterk, og kapabel kropp, har over tid for mange blitt det som kan likne ein kollektiv ukontrollerbar kroppsdysmorfi, som livnærer seg på innhald frå sosiale medium, og kroppspress frå det ytre.

Dette merka eg godt sjølv. Trass i at eg såg betre, sterkare, og sunnare ut enn eg nokosinne hadde gjort, var eg samstundes meir misnøgd og kroppsbevisst.

Videoane eg såg vart verre og verre. Klipp av unge menn som gjekk rundt med telefonar og spurte jenter kva terningkast dei ville gje dei absurd muskuløse, og slanke kroppane på skjermen. 

«7 av 10». 

Eg innsåg plutseleg at eg ikkje hadde noko å komme med. Fysikken min var ein vits.

Det handla ikkje lenger om sjølvutvikling. Det heile var berre bittert, og altoppslukande. Eg vart sjalu og misunneleg på alle som hadde ein vakker fysikk, og trudde automatisk at alle hadde juksa. At det ikkje var vits i å byggje kropp naturleg, når «alle» forventa at eg skulle sjå ut som ein fitness-påverkar. Ingen forventa sjølvsagt det. Men hovudet mitt visste ikkje betre.

Brått tok eg meg sjølv i å gjere undersøkingar om kva steroidekur som var den beste å starte med. Heldigvis lét eg vere. 

Dessverre var eg, berre på litt over eit års tid med seriøs, fast trening, blitt hjernevaska nok til å samanlikne min kropp, med innhaldsskaparar og kroppsbyggjarar proppa fulle i veksthormon, og eksperimentelle steroid. Men også heilt vanlege unge menn, som dokumenterte si unaturleg store vekst.

Køyrt av sporet

Oppdraget eg la ut på, for å skape disiplin, orden, og mental og fysisk styrke hadde spora heilt av. Eg hadde mista fokus fullstendig 

Frå å fokusere på meg sjølv, til å fokusere på alle andre. Frå å ete reinare og betre, til å stresse over kvar kalori. Frå å ville vere sunn, til å vurdere nåler som kunne få hjartet mitt til å eksplodere. Og eg hugsa ikkje eingong heilt når det byrja.

Det heile var så flaut. Og det er like flaut å skrive det. At eg hadde tillate dette å skje meg. At eg, ein voksen mann, skulle vere ein slik ein som skulle få problem med min eigen kropp, på grunn av videoar på Instagram og tiktok. 

Den store boikotten

Eg boikotta appane totalt. Eg las heller autentiske artiklar om trening, og byrja legge inn litt ekstra jobb i kvar økt. Men på ein måte som gjorde det kjekt. 

Fokuset mitt var tilbake til å nyte det å bli sterkare. Det å setje nye personlege rekordar, og det å slite seg sjølv ut fysisk.

Eg var ultrabevisst, på å ikkje vere påverkeleg. På å styre med mitt, og ikkje bry meg så mykje om alle andre. Og det funka.

Berre på ein månad, byrja tankane mine å klarne att. Eg byrja å føle meg bra igjen, og fornøgd med det eg sjølv hadde oppnådd. Og skulle eg verkeleg få kløen etter å doomscrolle litt, såg eg heller på kattar, eller folk som la murstein.

Tren med måte

Roosevelt skal ha sagt at samanlikning er gledas tjuv. Etter eg slutta å samanlikne meg med andre, og hadde eit bevisst forhold til sosiale medium, og løgnene fronta av fitnessindustrien, har trening og kosthald blitt moro, og bra for meg igjen.

Det er blitt ein hobby og ei vane eg kjem til ha med meg livet ut, og eg er sikker på at dei aller fleste får det mykje betre med seg sjølv om dei løftar vekter, eller spring litt to-tre gonger i veka.

Det å bygge kroppen sin, og å ete rett, skal vere ein positiv ting, ikkje noko ein skal miste seg sjølv over. Det har eg verkeleg lært, og erfart. 

Er du for masse på sosiale medium, så kan vegen vere kort både til nåler, eteforstyrringar, og sjølvtvil. Nyt endorfinane. Dropp reelsa.