Politikk og samfunn

Vil ha klarare reglar: – Plaster er strengare regulert enn mensprodukt

Lene Elisabeth Eide (27)
Gründer i CleanCup
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gjennom livet brukar dei fleste menstruerande bind, tampongar eller menskopp i 1800 dagar. Dette er produkt som skal vere inne i kroppen eller tett på huda i timevis av gongen. Likevel finst det ingen reglar som hindrar dei frå å innehalde stoff som kan vere farlege for oss.

For nokre år sidan kontakta eg Legemiddelverket for å spørje om anbefalingar eller krav til sertifisering og kvalitet for menskoppar. Svaret? Det finst ingen. 

Det er sjokkerande. 

Potensiell risiko for kvinners helse

Vi kan ikkje vite om mensprodukta vi brukar er trygge. Undersøkingar viser at menstruasjonsbind har høgare ftalatinnhald enn vanlege kommersielle plastprodukt. Dette er ei gruppe kjemikaliar som blir brukt for å gjere plast mjuk, og som dimed finst i svært mange forbrukarprodukt, som plastemballasje, måling – og bind. 

Ftalat som blir tilsette plast, bind seg ikkje til plasten. Difor vil dei leke ut av produktet, og kan ende i kroppane våre. Det er ikkje dimed sagt at produkta er skadelege å bruke, men når ein ser på dei potensielle konsekvensane, er det kanskje ikkje verdt å ta sjansen.

Fleire ftalat er nemleg hormonforstyrrande, mogleg kreftframkallande og kan føre til både fosterskadar og spontanabort. Vi veit ikkje nok om korleis ftalata påverkar helsa vår, men det vi veit, er at kvinner er meir påverka av slike miljøgifter enn menn. Kroppane våre inneheld typisk meir feitt enn menns, og akkumulerer difor fleire feittløyselege kjemikaliar, som ftalat. I livsfasar som pubertet, graviditet, amming og overgangsalder, er kvinnekroppen spesielt følsam for giftstoff. 

quote-left

Vi kan ikkje vite om mensprodukta vi brukar er trygge.

quote-right

Poenget her er ikkje å synse om ftalatinnhaldet i bind er farleg høgt, for det er eg ikkje kvalifisert til. Konsentrasjonane av ftalat i binda som blei målt i studien, var under dei europeiske retningslinjene, men vevet i vulva og vagina er meir gjennomtrengeleg for dei fleste kjemikaliar enn anna hud, blant anna fordi det er tynt og fullt av blodårer. Denne absorpsjonsevna er også grunnen til at vaginalt vev kan brukast til å levere medikament.

Vi treng ei sikkerheitsvurdering av produkt som kjem i kontakt med vaginalt vev som tar omsyn til denne gjennomtrengelegheita.  

Ein milliardindustri utan internasjonal standard for tryggleik

Mensprodukt er ein milliardindustri. Openbert, når nesten halve verdas befolkning har menstruasjon i nærmare 40 år av sine liv. Vi ser det som ei sjølvfølgje at produkta vi kjøper i Noreg er trygge. Vi stolar på at bedriftene vi handlar frå sikrar at produkta vi brukar er trygge.

Men for mensprodukt finst det ingen krav og ingen garantiar for tryggleik.

Som gründer av eit menstruasjonsprodukt, har eg vore oppteken av å gi kundane mine produkt av høg kvalitet, og eg har vore tilsvarande redd for å gjere noko feil. 

Då eg kontakta Legemiddelverket, var det fordi eg var sikker på at menskopp var medisinsk utstyr. Men verken bind, tampongar eller menskopp blir rekna som medisinsk utstyr. 

Plaster er strengare regulert enn mensprodukt

Plaster er eit av mange produkt som blir rekna som medisinsk utstyr. Det betyr at det fell under regelverket for medisinsk utstyr, og at Legemiddelverket fører tilsyn med bedrifter som skal selje plaster i Noreg. Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å kontrollere at medisinsk utstyr som blir seld på marknaden i Noreg er trygt.

Det finst også reglar for reklame for medisinsk utstyr i Noreg som avgrensar kva påstandar som kan brukast i marknadsføringa. 

No treng vi det same for mensprodukt. 

quote-left

Det er uforståeleg for meg at plaster er strengare regulert enn desse mensprodukta.

quote-right

Bedrifter som mi bør regulerast strengare

Både bind, tampongar og menskopp har til felles at dei blir brukt i eit område der huda har ein tendens til å vere tynnare og meir absorberande enn huda på andre område, til dømes hendene. 

Det er uforståeleg for meg at plaster er strengare regulert enn desse mensprodukta. Som menstruerande kan du ikkje vite sikkert kva mensprodukta dine inneheld, eller korleis dei kan påverke kroppen din. 

Eg håpar at det snart blir stilt mykje strengare krav til mi bedrift, og til alle som driv verksemd innan same område. Alle som treng mensprodukt, fortener tryggleik om at produkta dei må bruke ikkje kan føre til skadar.