Politikk og samfunn

Anna (15) om unge stemmer: – Burde kunne påverka framtida si

Anna Storsul meiner det er viktig at ungdommar deltek aktivt i politikk, sjølv om dei ikkje har stemmerett.

Anna Storsul (15)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Stemmeretten i dag har ei aldersgrense på 18 år. Sjølv om dette er ei rimeleg grense, betyr det ikkje at ungdom ikkje har ei meining. Nokre ungdommar er meir opptekne av politikk enn andre.

Desse ungdommane burde også bli høyrde.

Det finst fleire sider av politikken, og ei av dei er korleis utdanninga og ungdommen skal utvikla seg. Det er ingen som veit meir om korleis det er å vera i skulen enn dei som faktisk studerer.

Eldre menneske har gått på skulen i ei anna tid, og veit derfor ikkje like godt korleis skulane er nå, spesielt viss dei ikkje har barn. Dei prioriterer andre saker, som bompengar og skatt, i staden for framtida til ungdommane.

Dette er bestemmingar om framtida deira, så kvifor burde ikkje ungdommane også kunne påverka? Det er feil at ei såpass viktig sak skal bli nedprioritert.

Ungdommane burde derfor kunne seia kva dei synest om saka, om det er noko som dei er opptekne av.

quote-left

Eldre menneske har gått på skulen i ei anna tid, og veit derfor ikkje like godt korleis skulane er nå

quote-right

For eksempel er miljøet og klima ei stor sak blant ungdommen nå. Greta Thunberg er ein svensk aktivist som starta med protestar allereie då ho var 13 år gamal. Mange ungdommar har følgt eksempelet hennar. Dei seier at planeten er arven deira, og at dei derfor burde kunne påverka kva dei gjer med den nå.

Alle bestemmingar som politikarar gjer nå, seier noko om korleis verda vil utvikla seg. Sidan det er framtida til ungdommen, har dei all rett til å seia meiningane sine. Korleis skal dei leva eit godt liv seinare, om jorda blir øydelagt nå?

Korleis verda vil vera i framtida kan berre bestemmast i dag. Om politikarar gjer eit feil val er det ikkje dei det påverkar, fordi konsekvensane vil først visast seinare. Dei som blir påverka, burde delta i bestemmingane.

Mange meiner at ungdommar er for lite engasjerte i politikken, eller veit for lite til å velja sjølv. Trass i at dette er tilfellet med mange ungdommar, gjeld det ikkje alle. Meir og meir ungdom engasjerer seg i ulike saker, og utdannar seg sjølv i temaet det gjeld.

quote-left

Korleis verda vil vera i framtida kan berre bestemmast i dag

quote-right

I tillegg er det nå meir undervisning om det i skulane enn det har vore før. Ungdommane lærer tidlegare om høgre og venstre, raudt og blått, og aller mest lærer dei om sakene dei er opptekne av.

Nokre ungdommar er meir opptekne av saker enn andre, og kva sak det er varierer. Fleire unge blir opptekne av politikk, og dei fortener ein sjanse til å bli høyrde.

Dei burde kunne påverka framtida si, og stå for det dei meiner.

Eg synest at vi ikkje treng å senka stemmealderen av fleire grunnar, men eg meiner at det ikkje burde vera den einaste måten dei kan bli høyrt på.