Koffeinhaldige drikkar kan vere ein oppkvikkar for hukommelsen, i alle fall dersom du ikkje drikk slikt kvar dag.

NPK
NPK

Mange ser på kaffi som eit nødvendig drivstoff i kvardagen, men har kanskje ikkje tenkt på at den koffeinhaldige drikken også kan vere ein hjelpar for minnet. Amerikanske forskarar har no funne ut at koffeininntak gir betre hugs i opptil 24 timar etterpå, skriv Forskning.no.

I forsøket såg 150 personar gjennom ein biletserie, og dei som fekk ei koffeinpille like etterpå, hugsa meir av biletmaterialet eitt døgn seinare. Koffeinmengda dei fekk svarer til litt meir enn éin vanleg kaffikopp. Forsøkspersonane drakk ikkje kaffi eller andre koffeinhaldige produkt regelmessig.

LES OGSÅ: Kan bli slutt på god kaffi

Den nye studien skil seg ut ved at forsøkspersonane tok koffeinpilla etter at dei hadde sett bileta, ikkje på førehand.

– I forsøk der ein får koffein på førehand har det vore uklart om effekten kjem av auka merksemd og konsentrasjon eller andre faktorar. Ved å gi koffeinet etterpå held vi slike effektar utanfor, og får det til å handle om minnet, seier forskar Michael Yassa ved John Hopkins-universitetet. (©NPK)

LES OGSÅ: Færre trafikkulykker med kaffi

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE