Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er ikkje nokon vanleg bagatell me diskuterer, men den rette måten å leva på», seier Sokrates i Platons storverk Staten; «me må undersøka saka nøyare». For Sokrates, Platon og dei andre store, greske filosofane var det nettopp dette filosofien handla om: korleis ein best skal leva livet sitt.

Omslaget til «Stoisk uro og andre filosofiske smular» av Agnes Ravatn.

«Stoisk uro og andre filosofiske smular» av Agnes Ravatn er ute på Samlaget.

Det er i denne anden Agnes Ravatn grip til filosofien i essaysamlinga Stoisk uro – og andre filosofiske smular. Som ho skriv innleiingsvis i det første kapittelet, er filosofifaget ofte skuffande, fordi det tilsynelatande dreier seg meir om teoretiske spissfindigheiter enn om dei allmenne, eksistensielle spørsmåla som vanlegvis leier folk til filosofien i utgangspunktet (eit poeng også filosofiprofessor Lars Fr. H. Svendsen tek opp i si bok Hva er filosofi). Ravatn vil derimot testa ut kva filosofi kan tyda for eit enkelt menneskeliv, nærare bestemt hennar eige.

Boka er ei samling av korte essay som har stått på trykk i Dag og Tid i to puljar, dei første vinteren 2010–11, dei andre våren 2013. Den første delen, «Filosofi i praksis», der ho tek føre seg ei rekkje filosofiske skular – Platon, stoikarane, skeptikarane, Hume, Kant – og testar korleis dei fungerer i kvardagen. I den andre delen, «Ta spranget med Søren Kierkegaard», går ho djupare inn i tenkinga til den store danske filosofen som la grunnlaget for eksistensialismen på midten av 1800-talet. Signaturen til Ravatn er tydeleg til stades i tekstane, prega av tørrvittige overdrivingar, mangslungne hugskott og sjølvironi på grensa til det sjølvutslettande.

Les også: Ravatn testar filosofi i praksis

Platon i mørkret

Styrkane og svakheitene ved Ravatn si særeigne tilnærming til filosofien vert illustrerte i eit kapittel om Platon i del 1. Her brukar Ravatn realityserien «Dating i mørket» til å tolka den berømte holelikninga hos Platon, som skal illustrera forholdet mellom «sanseverda» og «idéverda». Fangane i Platons hole ser berre skuggar på holeveggen, ikkje tinga slik dei eigentleg er; stakkarane som møtest i NRK-serien, derimot, slepp å sjå kvarandre som sanseinntrykk og må fokusera på personlegdom og andeleg tiltrekking.

Samanlikninga er morosam, men filosofisk held ho diverre ikkje vatn: Noko så omskifteleg og subjektivt som ein individuell personlegdom kan sjølvsagt ikkje få plass i Platons himmel av ævelege og fullkomne idéar. Men på den andre sida: ei meir presis samanlikning ville truleg ikkje blitt like god lesnad.

Også i kapitla om Kant, der ho mellom anna konkluderer med at det kategoriske imperativet hans – «handla etter ein regel som du også kan villa at skal gjelda for alle andre» – er håplaust upraktisk, ber preg av ein overflatisk omgang med stoffet. Viss Ravatn hadde brukt litt meir tid og krefter på å forstå det kategoriske imperativet, ville det også blitt langt enklare for henne å leva etter det. Men igjen, dei tallause bøkene som alt er skrivne om dette emnet når ikkje akkurat dei store litterære høgdene.

Les også: Korleis skal ein behandle elevar med synspunkt som strir mot skulens verdigrunnlag?

Det store spranget

Ravatn senker sjølv forventingane til presisjonsnivået i dei filosofiske tolkingane hennar ved å skriva at ho mellom anna har brukt vilkårlege google-søk og elevtekstar frå daria.no som kjelder. Boka skal sjølvsagt ikkje lesast som ei fagbok, og det at ein kan pirka på tolkingane av ulike filosofar er ikkje noka eigentleg innvending. Den noko overflatiske omgangen med stoffet bidreg likevel til ei kjensle av at målet til Ravatn meir er å vera vittig enn å bli klok.

I den andre delen av boka klarer Ravatn derimot begge delar. Ravatn fordjupar seg her i Søren Kierkegaards såkalla stadiumlære, og prøver å ta steget frå det «estetiske» til det «etiske» stadiet; det øvste stadiet til Kierkegaard, det «religiøse», reknar ho som uoppnåeleg. Ein som lever på det etiske stadiet tek livet og seg sjølv på alvor, og verkeleggjer fridomen sin gjennom konkrete forpliktingar til andre – til forskjell frå dei fleste av oss andre på det overflatiske, sjølvopptekne estetiske stadiet.

Ravatn grip fatt i utfordringa frå ulike kantar: Ho frir til sambuaren, legg om til etisk forbruk og flyttar ut i naturen, alt i forsøk på å byta ut eksistensiell tomheit med meining og autentisitet. Heldigvis overgjev ho aldri humoren og det essayistiske skråblikket, og nokon endeleg konklusjon på om det er mogleg å nå det etiske stadiet får me heller ikkje.

Eit utforska liv

Samstundes får me i denne delen, meir enn i den sprikande første halvdelen av boka, ei kjensle av at noko står på spel: at forfattaren tek filosofen på alvor som ei utgangspunkt for sjølvinnsikt og refleksjon, ikkje berre som eit påskott til ein artig artikkelserie.

Dette inntrykket vert også stadfesta av forordet, der Ravatn fortel at interessa for Kierkegaard gav henne inspirasjon til å fullføra romanen Fugletribunalet (2013), til å ta fatt på sjølvhjelpsprosjektet ho skriv om i Operasjon sjølvdisiplin (2014) – og etter kvart til å flytta frå storbyen og starta eit nytt liv som småbrukar og småbarnsmor på bygda, som ho fortel om i Verda er ein skandale (2017).

Denne konklusjonen er elles det næraste me kjem eit motiv for at boka kjem ut først no, meir enn fem år etter at den siste av artiklane stod på trykk. Livet må, som Kierkegaard sa, levast framlengs og forståast baklengs.

Ingen filosof kan gje noka ferdig oppskrift på korleis ein skal leva. I beste fall kan dei gje oss nokre reiskapar me kan bruka til å tenkja gjennom dette sjølve, i lys av dei omstenda me finn oss i og dei føresetnadene me har. Ravatn gjev oss heller ikkje noka oppskrift, men ho gjer eit prisverdig forsøk på å vri noko praktisk og positivt ut av ein filosofisk tradisjon som ofte framstår som tørr og teoretisk. Kanskje kan ho på den måten inspirera fleire til sjølv å «undersøka saka nøyare», slik Sokrates mana oss til.