Ravatn testar filosofi i praksis

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 26.09.2018 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I boka «Stoisk uro», signert Agnes Ravatn, får vi råd frå gamle filosofar om korleis ein kan leve gode liv. Er tankane til Aristoteles og Heraklit framleis levedyktige? Det har Ravatn, i kjent humoristisk stil, prøvd å finne ut av.

– Eg elskar «Sofies Verden» – og no prøver eg sjølv å gjere filosofi meir tilgjengeleg, seier Agnes Ravatn – klar med boka «Stoisk uro». Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Ho har eksempelvis – med skiftande hell – prøvd å vere heilt roleg i møte med det urimelege. Ho har prøvd å leve i gamle filler i eit iskaldt hus i asketisk ånd, og ho har kjempa for å komme seg opp på det Kirkegaard beskriv som eit etisk nivå.

– Heilt sidan eg var barn har eg vore opptatt av filosofi. For det finst knapt noko meir allmennmenneskeleg og sentralt enn desse eksistensielle spørsmåla, som «korleis leve best».

– Her har eg prøvd å destillere ned det som for mange kan verke komplisert, til enkle og forståelege teoriar. Ein slags filosofi for dummies, der eg sjølv var dummyen, ler forfattaren.

Les også: Tidkrevjande tidsalder

Tyranni

Ravatn har blant anna tatt for seg stoismen, ei filosofisk retning som hadde si stordomstid rundt år 0.

– Mantraet til stoikarane er at du ikkje skal la deg vippe av pinnen – same kva! Du skal berre akseptere din skjebne, og mistar du eksempelvis ein av dine kjære, skal du møte det med stor ro og berre tenkje at du gir dei tilbake.

Forfattaren understrekar at dette tankegodset er frå ei anna tid, med brutalitet, tyranni og despoti.

Dei snakkar om nærvær og det å vere fullt og heilt til stades som nøkkelen til det gode liv

– For oss blir det med å berre godta alt veldig passivt. Men eg fann noko hos stoikarane som resonnerte. Dei snakkar om nærvær og det å vere fullt og heilt til stades som nøkkelen til det gode liv. For dei var det ikkje så viktig å oppnå høg alder, det viktigaste var å leve godt den tida ein får tildelt.

Les også: Lykke blir pensum på indiske skular

Luftige tankesvev blir tilgjengelege i Agnes Ravatns «Stoisk uro». Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Bytte bort asfalt

Forfattaren fortel at stoikarane hadde sine metodar når dei søkte innsikt. Dei kunne eksempelvis agere at dei låg på dødsleiet for å kjenne på det evige spørsmål: Kva vil eg angre på når eg vandrar heden.

– Dei ville ikkje kaste bort tid på det unødvendige. Vi som lever med sosiale medium og nettaviser kan føle oss litt trefte her. Vi har uendeleg med distraksjonar, men også i dag meiner eg det må vere fullt mogleg å skilje mellom vesentleg og uvesentleg, seier forfattaren bak den internasjonalt anerkjente romanen «Fugletribunalet».

Også i dag meiner eg det må vere fullt mogleg å skilje mellom vesentleg og uvesentleg

I 2015 bytte ho og familien ut Oslo til fordel for eit småbruk frå 1880-talet eit stykke nord for Haugesund.

Det passa henne bra, for dette er dama som gav oss boka «Operasjon sjølvdisiplin» i 2014: Ei bok som vil hjelpe oss å bli kvitt mobilavhengigheit, sug etter nettaviser og dårlege realityseriar. I forkant av denne boka gjorde Ravatn som stoikarane: Ho gjorde opp status over eigen tidsbruk og fann ut at ho ikkje kunne leve med å bruke 50 prosent av tida si på nettet.

– Den første tida på småbruket hadde vi ikkje nett, noko eg opplevde som utruleg avstressande.

Les også: Stor interesse for Agnes Ravatn i utlandet

Hjernen brenn!

No har altså Ravatn prøvd å utøve filosofi i praksis og vil i boka også lære oss eit og anna om epikureanismen: Ein filosofi som ifølgje forfattaren har fått eit ufortent dårleg rykte. Mange trur nemleg dette er ei retning som preikar maksimering av lyst.

I boka «Stoisk uro» testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen. Alt blir gjort i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske, fortel ho. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

– I epikureanismen søkjer ein etter sjelefred via oppfylling av behov. Men dei meinte det kanskje aller viktigaste var å sjå på kor mange behov du har.

– Noko er grunnleggjande, som mat, tak over hovudet og varme. Men kanskje kan du skrelle vekk behovet for å alltid sjå bra ut, behovet for full lommebok, beundring og makt.

Også Kirkegaards filosofi blir vigd stor plass i den nye Ravatn-boka.

– Kirkegaard hadde ei inndeling for ulike verdisfærer, og ifølgje denne skulen er mange på eit estetisk nivå. Det vil seie at vi berre surfar av garde på overflata.

– Det med å vere redd for alvor, forpliktingar og keisemd stemte veldig med mitt gamle eg, fortset Ravatn – som i dag håpar ho er blitt eit meir etisk og ansvarleg menneske.

– Mykje handlar om å avgrense valfridomen, noko eg trur vi kan ha godt av. Skaler livet ned til det vesentlege og slutt å scroll og surf til hjernen brenn, oppfordrar Ravatn avslutningsvis.

Les også: – Kall ein spade for ein spade. Eit offer er eit offer, ikkje ein utsett