Vil la kommunane ta ubrukte tomter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ta ubrukte tomter

I bustadmeldinga til regjeringa, som blir lagt fram i mars, vil det bli foreslått hardare lut mot utbyggjarar som ikkje realiserer bustadpotensialet i tomtene sine, skriv Bergens Tidende.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) fortel at eitt av verkemidla som blir vurdert i bustadmeldinga, er å auke moglegheita for å overføre eigedom til det offentlege, eller ekspropriere tomter til kommunane, om dei ikkje blir bygde ut i tråd med reguleringsplanen.

– Vi må sjå på korleis kommunane kan få større råderett over tomter som ligg i sentrumsnære pressområde. Då vil kommunane kunne sleppe å sitje og vente på at områda skal bli bygde ut, seier Navarsete.

Ho ser for seg ei ordning der kommunane får rett til å ekspropriere tomtene etter eit visst tal år, slik at dei kan byggje dei ut i regi av kommunale tomteselskap.

– Vi i Senterpartiet liker ikkje ordet ekspropriasjon, men vi er nøydde til å sjå på korleis vi kan få fart i bustadbygginga. Då kan dette vere eitt tiltak, seier Navarsete til avisa.

Ho medgir at ei slik ordning vil vere eit inngrep i det frie marknaden og den private eigedomsretten.

– Derfor må vi ha ein gjennomgang av dette reint juridisk for å sjå på kva for moglegheiter vi har. Vi ønskjer oss ikkje tilbake til statleg regulert bustadmarknad. Det er vanskeleg å påleggje tomteeigarar å byggje ut tomta si, men vi må kunne gi kommunane moglegheiter til å styre utviklinga, seier ho. (©NPK)

Kva synest du om forslaget?