Vil ha Grunnlova på nynorsk
Når Stortinget truleg vedtek ei modernisert Grunnlov i 2014, skal lovteksten liggje føre på både bokmål og nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen gjekk 3. mai inn for at Grunnlova også skal finnast på nynorsk. Dei raud-grøne partia bed presidentskapet ved Stortinget om å ha klart eit forslag til september, slik at det endeleg kan vedtakast ved 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014.
Språket i Grunnlova vart sist modernisert i 1903 og har ei gamalmodig blanding av dansk og norsk.
Carl I. Hagen hadde saman med den pensjonerte språkprofessoren Finn-Erik Vinje utarbeidd til møtet eit forslag til ein oppdatert tekst på bokmål. Men det var berre Høgre og Framstegspartiet som støtta det ferdige forslaget til modernisering. Les meir på Stortinget.no!
QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?
Vil ha ny bokmålstekst
– Vi er ikkje fornøgde med den teksten som ligg føre frå Vinje og Hagen, og vil ha ein ny tekst, sa visepresident i Stortinget Marit Nybakk (Ap) til Dag og Tid for nokre veker sidan.
Kristeleg Folkeparti si stortingsgruppe gjekk mot ei språkleg endring.
– Sjølv mindre språklege endringar kan endra meininga og innhaldet i ein paragraf, og dermed også tolkinga av den, sa Geir Jørgen Bekkevold (KrF).
Venstre, ved leiar Trine Skei Grande, ønskjer ein grundigare grunnlovsrevisjon der ikkje berre språket, men også innhaldet blir oppdatert.
– Språkleg redigering vil forverra ein situasjon som allereie eksisterer, nemleg at konstitusjonen vår framstår som eit umoderne symbol i staden for ei rettskjelde av høgaste rang, sa Skei Grande.
LES OGSÅ: 17-åringen som vart grunnlovsfar
To tredels fleirtal
Endringar i Grunnlova krev to tredels fleirtal på Stortinget. Endringsframlegg må seinast leverast inn i det nest siste stortinget i ein valperiode og liggje over eitt val før det blir behandla. Om den «nye» Grunnlova skal kunne vedtakast til grunnlovsjubileet i 2014, må framlegget vere klart før 28. september i år.
Den første Grunnlova vart formulert på dansk og vart modernisert til eit meir moderne norsk i 1903. Da Stortinget i 1906 behandla eit framlegg om ein nynorskversjon av Grunnlova, var mottakinga meir lunken, og det vart med det.
Men nynorskomsetjinga til Nikolaus Gjelsvik vart likevel publisert i Norsk lovtidend, som òg kom med oppdaterte versjonar i 1915 og 1933. Fram til 1985 vart det jamleg publisert oppdaterte nynorskversjonar i handboka «Grunnloven vår», ifølgje Nynorsk Pressekontor.