Vil ha aldersgrense for blogging

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Linnea Myhre byrja å blogga for kring ni år sidan, då ho var kring 16 år gamal. Medan ho var elev på vidaregåande blei ho ein av Noregs mest omtala og lesne bloggarar.

– Det var heilt nytt, og litt rart. Du visste ikkje kor mange du blogga for – om ein hadde 20, 200 eller 1000 lesarar. Men så fann ein hjelpemiddel til å finna ut det etter kvart og så blei det veldig uverkeleg på ein måte – og så blei ein veldig høg på det også.

Plutseleg fekk ho tilbakemeldingar frå folk ho ikkje visste kven var eller anonyme lesarar.

– Det er ein rar ting å veksa opp med – at ein driv og eksponerer seg, samstundes som ein har eit liv og går på skule.

– Det var ikkje slik at eg levde eit heilt anna liv på bloggen. Det var berre at eg køyrde ein stil. Eg var veldig sarkastisk og negativ, og så utelét eg dei andre kvalitetane som eg hadde, og så visste alle andre i ein så liten by at det ikkje var slik eg eigentleg var, men eg pynta ikkje på sanninga, eg gjorde vel heller det motsette.

Ein underhaldningsblogg kallar ho bloggen sin, no i etterkant.

Mora hennar følgde godt med på kva ho skreiv, og gav beskjed om det var noko som var over streken.

– Det er ikkje sjølvsagt at sjølvinnsikta er så stor når ein er 16 år, men for meg kom han etter kvart, heldigvis.

Ho fann ut at det var betre å gjera narr av seg sjølv enn andre.

Ho var glad ho ikkje var 14 år då ho byrja å blogga.

Sjølv meiner ho det burde vore 16-års aldersgrense for å blogga.

– Eg synest ikkje barn skal ha fritt spelerom til å blogga. Ein ser alt for mange eksempel på at det går til helvete.

 

– Før ein er 16 år, så er ein i ungdomsskuleperioden, og kor mykje drit ein gir til kvarandre anten på nett eller i det verkelege livet, og kor mange bekymringar ein har, så skal ein byrja å skriva om det på internett – det blir… eg hugsar sjølv frå den perioden eg skreiv, kor vanskeleg eg kunne ha det. Berre det at folk mobbar og ertar kvarandre. Når du har internett til å vera mykje tøffare i trynet enn du eigentleg er, så blir det større og større problem.

LES OGSÅ:Meir angst med digital mobbing

Laga seg ein karakter

– Bloggen blei mitt alter ego. Eg pynta ikkje på verkelegheita, men eg laga meg ein karakter, som eg sjølvsagt ikkje var i det verkelege livet.  Folk som møtte meg, kunne seia at dei trudde eg berre var sur og hata alle, men du er jo heilt ok og hyggeleg, eg var ikkje sånn i verkelegheita.

– Då eg byrja å skriva på boka, så hadde eg låst meg fast i det imaget, at eg var tøff i trynet og kunne henga ut andre – så var eg også sårbar, men fekk ikkje plass til å skriva om det på bloggen. For då var det sånn at folk kom og sa at dei ikkje kom for å lesa om mine intime forteljingar om ditt eige hovud.

– Så då eg byrja å skriva på Evig søndag så kunne eg avslutta det kapittelet som eg av alt for mange kalla sinnabloggar.

– Eg ville prøva visa ei anna side. Ein må jo byrja å bli vaksen, ein kan ikkje gå rundt å sutra resten av livet. Og så visste eg at det var lesarar eg kunne nå ut til som eg visste sleit med det same som meg, og som eg visste frå dei få gongene eg hadde skrive om eteforstyrringar og depresjonar, så var det veldig mange som ville lesa og spørja om dette. Då visste eg at det var engasjement for dette, og at det kunne hjelpa.

Mobbing utan likes
Eldrid Johansen (42) har skrive boka Charlieblogg, om 15 år gamle Charlotte som flyttar frå Oslo til ei lita øy på Vestlandet. Der blir ho stengd ute og mobba, og byrjar så og blogga. Ho skriv verre og verre ting om folka på øya og diktar opp eit drøymeliv for seg sjølv med kule vener og kjæraste som ikkje finst.

Eldrid er glad for at ho ikkje blogga då ho var ung.

– Eg hadde det bra, men likevel var eg sårbar og følte at eg inst inne var ein dust. Eg tenkjer nok at denne arenaen der ein ikkje får likes og ikkje får ein snap, og ikkje får bli med på bilde, så synest eg eigentleg synd på dykk som er med på dette i dag, seier ho.

– Me kunne vera kjipe mot kvarandre med òg, men då kunne me snakka om det. Så eg er sjeleglad for at eg slapp å vera på nett då eg var ung, seier ho.

– Mobbing treng ikkje vera verre enn at ein aldri får likes. Det kan vera små ting, held ho fram.

Kva er sant?
Linnea Myhre meiner det er viktig å hugsa på at det lykkelege bildet ein kan lesa om på bloggane berre er ein liten bit.

– Det er veldig sjeldan det er noko negativt på dei bloggane eg les no – og det trur eg ikkje noko på. Det er veldig lett å tru på det for dei som ikkje har hatt ein blogg og ikkje har sett at det er ei verd bak der.

– Kor mykje av boka er sann?spør ein av elevane Linnea.

– Det er jo ein roman, som betyr eigentleg at det skal vera fiktivt. Og det er det jo ikkje. I alle fall ikkje 100 prosent. Det er meg i boka, men det er mykje som er nedstrippa eller dikta vidare på. Men det er ein god del overdrivingar for å få det til å vera interessant nok, og nokre ting som er mindre brutalt enn det var. Og så er det tatt nokre grep for å verna dei som er nær meg eller andre som er i boka. Når eg til dømes viste manuset til psykiateren min, så var han litt sur på meg. Han sa at det ikkje var slik det var. Men eg sa at det var slik eg hugsa at det var. «Men viss du skriv det så høyrest eg ut som ein dårleg psykiater», sa han då. Men det er veldig nært meg sjølv.

Eldrid Johansen synest ikkje det var vanskeleg å skriva gjennom augo på ein 15-åring. Sjølv har ho fleire ungdommar heime i huset.

– Men er dei same heile tida. Det hugsar eg at bestemora mi sa det til meg då ho var over nitti år. Kanskje eg har blitt litt smartare enn då eg var 15 år, men me tenkjer mange av dei same tankane.

– Har hengt ut andre
– Korleis taklar de negative tilbakemeldingar?

– Eg oppsøkjer det. Eg sit med Google Alert kvar gong det er nokon som skriv noko om meg på Kvinneguiden, slik at eg kan ta dei. Eg ringjer og har hatt lyst mange gonger til å dra heim til dei og rista i dei – ikkje berre folk som kritiserer meg – men folk som eg meiner burde vore fråtatt retten til å ha internett. Men når folk kritiserer meg, så er det litt tøft. Når det blir meir personleg, når folk kritiserer deg som menneske eller korleis du er relasjon til andre – eller for meg det verste; når folk kommenterte kroppen min, så påverkar det meg veldig negativt og eg blir lei meg.

– Eg har jo hengt ut mange i min karriere – eg har vore morosam på andre sin bekostning, seier Linnea.

 – Det veldig lett å vera halvspydig og frekk når ein sit bakom ein skjerm, enn når du møter folk ansikt til ansikt, seier Eldrid Johansen.

– Eg har veldig lyst til å skriva noko om Paradise Hotell, men eg kan ikkje mobba folk. Når eg har opplevd det sjølv, så har eg lært, seier Linnea Myhre.

I boka skriv ho òg om kva som skjedde etter at ho på tull hadde skrive om nærbutikken sin på bloggen sin – at dei hadde øydelagt eit peparkakehus med vilje. Då ho seinare kom til butikken, blei ho tatt med på eit bakrom og konfrontert med påstandane som berre var oppspinn.

– Det gjeld på internett som elles i livet; ver mot andre som du vil at andre skal vera mot deg, seier Eldrid Johansen.
 

– Var det vanskeleg å dela så mykje som du gjorde, Linnea?

– Overraskande nok var det ikkje så vanskeleg for meg. Kanskje eg har gjort det så lenge at det har blitt ein del av meg. Men det er samtidig ganske mykje eg ikkje skriv om – som eg ikkje skriv om; som personlege relasjonar og forhold som eg syntest det er vanskeleg å skriva om. Så lenge eg veit at det er nokon som les det, og som kan bruka det til noko fornuftig, så føler eg at eg kan gjera det. Fordi det er for få som snakkar ope om det. Men eg kan jo av og til føla at eg har snakka nok om sinnslidingane mine, så ein må jo passa seg òg. Ein kan ikkje berre vera ærleg, men det er ikkje vanskeleg for meg å snakka om det.

Vil berre forsvinna
– Før bokbadet var eg rundt i klassane og hadde eit lite kurs og ein prøvedebatt der me diskuterte kva ein kan og bør dela på nettet. Dei aller fleste var veldig restriktive – og nokre var til og meg skeptiske til å dela bilde av seg sjølv på nettet. Er det så farleg?
spør eg.

– Nei, såpass gøy er det jo med nettet og sosiale medium, så det må jo vera greitt. Berre ein tenkjer gjennom at det blir ståande igjen der. Det er ikkje alt ein treng leggja ut, svarer Eldrid Johansen.

– Så lenge det ikkje er farleg, så lenge det ikkje er provoserande for nokre andre, så er det greitt, seier Linnea Myhre.

– Men alt kan jo vera provoserande for nokon, skyt Eldrid inn.

– Nei, ikkje bilde av meg og venninna mi, for eksempel.

– Jo, men nokon kan seia at de er for vellukka eller unge…

– Jo, jo, på den måten, men så lenge ein ikkje har nokre betenkelegheiter med det, til dømes drita-bilde frå byen.

Linnea Myhre seier ho kjenner til mange bloggarar som har øydelagt livet sitt, og fortel om ei som laga ein blogg som baserte seg på puppestorleiken sin.

– Ho fekk kjempemykje klikk, og tente pengar på blogg.no, men så går det berre fire år og så vil ho berre forsvinna frå Jordas overflate, fordi internett ikkje gløymer kva ho har skrive og ho klarar ikkje få seg jobb.

– Og hugs på at alt som er på nettet ikkje er den fulle sanninga. Sjølv eg kan av og til når eg har ein dårleg dag synast at andre har så perfekte liv når eg ser på Facebook og Instagram. Men det er berre til å hugsa på at det ikkje er den heile og fulle sanninga, seier Eldrid Johansen.

I det siste har det vore ein trend på Facebook og Instagram at folk legg ut bilde av rotete heimar og uperfekte kroppar.

– Det er noko som kan provosera meg. Eg såg på God Morgen Norge at det var ein gjeng mødrer som slo eit slag for rot heime ved å visa bilde av kor rotete dei hadde det. Kvifor kan me ikkje berre la vera? seier Linnea Myhre.

– Korleis er å vera ilag med Sondre opp i alt dette her?spør ein frimodig kar frå salen.

Og alle ler.

 – Du… kva skal ein svara på det? Han har jo halde på med mykje av det same i ti år. Men eg merkar at eg er mykje betre på internett enn han. Men eg blir jo flau viss eg blar meg eitt år tilbake på Instagramprofilen min, og ser kva bilde eg har lagt ut av meg eller han. Då ser ein jo kor mykje ein utviklar seg. Men han har ikkje så stor rolle i mitt sosiale medium-liv. Men… ein må jo passa seg for kva ein deler av privatlivet – derfor blir eg litt sett ut av spørsmålet ditt, for eg kan snakka ærleg om sjølvmord og depresjonar, men å snakka om kjærasten min er det verste eg veit. Ein vel kva ein har lyst til å utlevera, ein vil jo alltid visa fram det ein har og det ein er glad i, men eg veit at når ein ser at andre legg ut bilde av seg sjølv og kjærasten, så er det avfølg med ein gong…

LES OGSÅ:Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

Drøymer om å ringa på døra til troll
– Kva seier kommenterfelta om mennesket?

Linnea Myhre svarer:

– Eg opplever at dei som er verst er dei som kjem litt opp i åra, som ikkje skjønar internett heilt. Sjølv har eg byrja å stilla spørsmål til folk om dei skjønar kva dei skriv og at andre kan lesa det, fordi dei drit seg ut. Det oppmodar eg òg alle andre til å gjera. Og sånne som kritiserer meg, så har eg lyst til å snakka med dei for å oppklara. Det viser seg at dei tar feil, og det er veldig betryggande. Eg likar å få ein dialog med dei, for å få stadfesta at dei er mindre begava personar, i staden for at det nokon kjempesmarte personar som gjer det, for då tar eg det meir innover meg.

– Eg meiner det ikkje burde vera mogleg å kommentera anonymt i kommentarfelta, for då forsvinn filteret ein kanskje kunne ha. Då har me eit høve til å ta til motmæle.

– Kva skjer når du tar direkte kontakt med troll?

– Som regel så viser det seg at dei ikkje har forstått det. Anten svarer dei ikkje, eller så beklagar dei at eg kunne sjå det og at det ikkje var meininga.

Sjølv har Linnea Myhre hatt mange draumar om å ringa på døra til folk og berre seia kva faen er det du driv med.

– Du burde hatt ein sosiale medium-kurs for folk, reist rundt, skyt Eldrid Johansen inn.

– Du meiner slik Trine Grung-style?

– Ja, litt sånn…

– Med ein gong ein blir sosiale medium-ekspert, så har ein gått for langt, seier Linnea Myhre lakonisk og held fram:

– Me unge er meir private enn dei vaksne er. Dei vaksne tenkjer sikkert at dei ikkje har noko å skjula, men dei tenkjer ikkje over fordommane som dei brettar ut.

LES OGSÅ:– Ingen samanheng mellom Facebook og depresjon

– Heldigvis går det over
– Kva var det som gjorde at du gjekk inn i depresjon?
spør ei av jentene i salen.

– Depresjonar kan koma frå overalt, det kjem utan grunn. Eg blei ramma fordi eg utvikla anoreksi. Då fekk eg for lite næring, og hjernen slutta å fungera. Eg blei som ein robot som ikkje heilt eksisterte. Så det blei som ein konsekvens av det. Men eg fekk jo det tilbake seinare. Har ein fått det først ein gong, så er det lettare å få det igjen. Ein kan ha eit heilt perfekt liv, og få det.

– Heldigvis går det over, det må ein hugsa på.

– Kvifor slutta du å blogga?

– Då eg fortalde at eg gjorde det, så var eg litt flau, fordi eg følte at eg blei assosiert med ein rosabloggar. Då eg sa det, så tenkte folk at eg skreiv om sminke og kle. Eg blogga mange år fordi eg ikkje visste korleis eg skulle slutta. Eg var så avhengig av tilbakemeldingane eg fekk i kommentarfeltet. Men så kom jo Instagram og Twitter, så kom det ein stad der eg kunne skriva og få tilbakemeldingar. Og så fekk eg tilbod om å skriva bok, og då var det eigentleg den perfekte avslutninga på blogginga. For eg likar jo å skriva trass alt, sjølv om det er veldig, veldig kjedeleg. Men så blir ein jo veldig mykje stoltare.

– Har du vore lettare for deg å skriva bok, sidan du har skrive lenge og late det flyta ut over tastaturet?

– Problemet mitt er at eg har blogga for mykje. Eg høyrer at eg skriv bøker i bloggform. Eg må koma meg litt bort frå der. Ein lærer seg formatet. Det er difor eg har skrive romanar i dagbok og brev-formatet. Eg likar å jobba med ein ting av gongen, så kan eg laga den raude tråden etterpå.

– Det er det som er min draum å skriva ein ordentleg roman som ikkje minner så mykje om dei bøkene som eg har skrive.
 

Begge forfattarane held på med å skriva bøker no. Eldrid Johansen kjem med tre barnebøker i løpet av året, og Linnea Myhre er i gang med si tredje bok.

American Psycho
– Kva er favorittbøkene dykkar?

– Det er litt som å spør kva for av borna dine du likar best, seier Eldrid Johansen.

– Eg har éin klar favoritt: American Psycho. For dei som har sett filmen, så kan ikkje den måla seg.

– Er det greitt å la seg inspirera av andre bøker når de skriv?

– Eg blei inspirert av andre då eg skreiv dei andre bøkene mine. Eg las American Psycho då eg skreiv på Evig søndag. Eg sat på ei strand i Costa Rica, og skreiv og redigerte, men då eg kom heim var det berre mord og språket var veldig likt Bret Easton Ellis, så ein gjer lar seg inspirera i undermedvitet. Men ein let seg jo inspirera av alt, frå bussen til folk i kommentarfelta.

– Eg blei inspirert i går, då eg kom til Fitjar. Men grensa går når ein kopierer prosjekt til andre forfattarar, seier Eldrid Johansen.

LES OGSÅ:Forfattarane løftar blikket

– Det er håp
Forfattarane får stadig spørsmål frå elevar som held på med særoppgåve om bøkene deira. Linnea Myhre svarer sjeldan.

– Dei spør hovudsakleg om eg vil skriva særoppgåve for dei. Det var éi som spurde meg ein gong om kva som var bodskapen i boka mi. Då tenkte eg at det kunne eg svara på, for det er éin ting eg tenkjer er bodskapen, som eg kunne svara kort: «Det er håp».

– Det er lov å prøva seg på å spørja, men det er ikkje sikkert at ein får svar. Men ikkje spør: kva verkemiddel har du brukt. Det går ikkje. Sånne ting må ein finna ut av sjølv, seier Eldrid Johansen.

– Er det av og til at de får spørsmål som gjer at de tenkjer at «det har eg ikkje tenkt på»?

– Ja, det tenkjer eg. Det er ofte eg tenkjer over at eg ikkje har brukt eit verkemiddel, seier Eldrid Johansen, før Linnea Myhre svarer:

– Då eg gjekk på skulen, så lærte me om korleis ein roman var. Det er difor eg har blitt så mykje kritisert for å kalla det ein roman, fordi det ikkje er ein roman når ein ser på oppbygginga. Men eg var veldig opptatt over at det ikkje følgja denne malen, fordi det blir så føreseieleg. Eg ville heller vera min eigen sjef, men det er jo klart at det kan vera provoserande for enkelte bokmeldarar og bibliotekarar som ikkje veit kva for hylle dei skal plassera boka i.

– Det er jo det som kjenneteiknar store kunstnarar at dei bryt reglar. Men ein må jo kunne det, seier Eldrid Johansen

– Trur de bøkene dykkar har hjelpt folk?

– Eg trur i alle fall det. Eg har jo skrive om meg sjølv. Eg har kledd av meg, heldt eg på å seia, ikkje nødvendigvis for å hjelpa andre, men kanskje mest for å hjelpa meg sjølv, eller visa at eg kan noko. Men så ser eg òg at det hjelper andre, det har eg fått veldig mange tilbakemeldingar på. Det er eg jo veldig glad for, seier Linnea Myhre, før Eldrid Johansen svarer:

– Til og med eg har høyrt det, sjølv om det er meir sjølvsagt i slike bøker som du skriv. Men eg har høyrt det at folk seier at slik vil eg i alle fall ikkje gjera.

– Skal me bli einige om ein slags moral før me går? Les bøker og bli kloke?

– Ja, les bøker og få eit betre liv, og lær noko, seier Eldrid Johansen.

– Ein treng ikkje lese krim, fordi då lærer ein kanskje ikkje så mykje. Men les for å gløyma omverda, seier Linnea Myhre.

– Ja, nettopp, ein treng ikkje berre gjera det gjennom seriar og film. Og nettopp difor er det så bra å ha bibliotekarar, fordi dei har så peiling på bøker og kan tilrå noko som passar for deg. Sjølv for dei som hatar å lesa, gå til bibliotekaren, dei veit svaret.

– Og så får ein jo veldig godt samvit når ein har lese ei bok.

Faktaboks

Linnea Myhre (fødd 1990) frå Molde har skrive bøkene Evig søndag og Kjære. Ho er tidlegare ein av Noregs mest populære bloggarar, og blei utpeika som arvtakaren etter Anne-Kat. Hærland.

Eldrid Johansen (fødd 1973) frå Oslo er skodespelar, songar, barnebokforfattar og religionshistorikar.