Vil gi stipend til nynorske bloggarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2012 blei Sogn og Fjordane fylkeskommune kåra til Årets nynorskkommune og fekk ein pris på 100.000 kroner. No har Hovudutval for kultur avgjort at pengane skal brukast til å få fleire unge til å blogga på nynorsk.

– Å stimulera ungdom til språkleg tryggleik er ei god bruk av desse midlane, meiner fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad.

– Blogg er ein populær plattform, og mange bloggarar når eit stort publikum. Det er mange flotte nynorskbloggar, men det kunne vore mange fleire, seier rådgjevar Sigrun Espe ved fylkeskommunen som har ansvar for prosjektet «Mine meiningar på mitt språk».

– Dei mest populære bloggane blant ungdom er ofte personlege og handlar gjerne om mote, trening, helse, sminke, musikk, interiørdesign, mat og kvardagsliv.

Det vert ofte sagt at forfattaren må skriva personleg og gje av seg sjølv for at ein blogg skal fungera. For unge i Sogn og Fjordane er stort sett bokmål eit andrespråk, og ikkje nødvendigvis den beste målforma når ein skal skriva personleg og engasjerande, held ho fram.

LES OGSÅ:– Nynorsken er ikkje noko hinder

Kursar bloggar
Sigrun Espe fortel at prosjektet skal lysast ut seinare i år som eit tilbod til ungdom mellom 15 og 27 som bur i Sogn og Fjordane. Bloggerfaring er ikkje eit krav, men skriveprøve må vere ein del av søknaden. Ungdomspolitisk utval vil velja ut deltakarar som får vera med på ei kurshelg med kurs i skriving, språkbruk, retorikk, digital marknadsføring, foto, opphavsrett og lisens.

Bloggprosjektet er inspirert av kåringa av verdas beste nynorske blogg, som Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom står bak.

– Tommelen opp
Janne Nygård frå Jølster er ein av finalistane i kåringa av verdas beste nynorske blogg med tebloggen sin, og òg tidlegare leiar i Norsk Målungdom og medforfattar av boka Kva skal vi med sidemål?. Ho helsar tiltaket til Sogn og Fjordane velkommen.

– Eg trur det er spesielt viktig å snakke om kva det vil seia å skrive nynorsk i dag, og diskutera kvifor

mange ungdomar vel bort nynorsken til fordel for bokmål. Og kvifor det kanskje kan vera bra å skriva på nynorsk. Kanskje ein er redd for å vera annleis, kanskje ein er litt for utrygg i eige språk? Eg held ein knapp på at det er viktig å vera medviten at ein skriv nynorsk, men ikkje at det treng å vera ei hovudsak i det ein bloggar om. Men at det kanskje gjer at ein blir litt tryggare. Og kanskje eit lite nynorskkurs for dei som kjenner at dei vil ha det for å kunne bli betre skribentar? 

– Det kan jo vere veldig motiverande å få eit slikt stipend, ikkje berre for å skrive meir blogg, men kanskje for å tørre å skriva meir offentleg generelt. Så tommelen opp! seier Janne Nygård.