Rusavhengige hjelper kvarandre ut

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Byrja å rusa seg då ho var 12

– I byrjinga rusa eg meg på piller og alkohol. Då eg gjekk i 10.klasse hugsar eg at eg sat på skulen og sleva på pulten. Eigentleg var eg veldig skuleflink, men eg sat berre der og sleva fordi eg var så rusa, fortel ”Silje”. Før budde ho på ein mindre stad, no har ho flytta til Bergen.

Ho sit på ein kafé midt i sentrum i Bergen og kikkar ut på folk som hastar forbi i blåsten. Held i kaffikoppen for å varme seg litt.

– Det er eigentleg heilt surrealistisk. No kjenner eg meg heilt vanleg. Men samstundes kjenner eg til ei heil verd som andre ikkje kjenner til, seier Silje.

Anna verd
Ofte passer det ikkje å fortelje om ting ho opplevde i den andre verda. Ofte kan det verte altfor sterkt å seie ting rett ut i den verda ho her i no, i klasserommet på vidaregåande eller i koret ho syng. Venene hennar no kan til dømes tøyse og tulle med at nokon er truga på livet eller i ferd med å døy.

– Ofte er det ting eg har opplevd i røynda. Men etter at eg vart rusfri, har eg skjønt at miljøet eg var i, ikkje var vanleg. Det er ikkje slik ungdom skal vekse opp, seier Silje. Ho fortel om eit miljø der det gjekk sport i psyke kvarandre ned.

– Ingen ville kvarandre godt. Til slutt var det farleg for meg å opphalde meg der.

Silje ynskjer å fortelje om sine erfaringar for at andre kan lære.

Allereie på barneskulen hadde ulovlege ting vorte heilt daglegdags.

– Vi haldt på med innbrot og den slags, fortel no. Då ho var femten byrja ho å setje narkotika med sprøyter. I fleire år haldt ho på med det. Lange periodar hugsar ho ikkje noko frå. Miljøet ho vanka i var hardt og brutalt. Alle ville ho ikkje godt.

– Korleis klarte du å kome deg gjennom det?

– Eg hadde det heilt forferdeleg og ville berre bort frå meg sjølv då eg var i tenåra. Då eg vart 19 år var eg vart eg lagt inn på avrusing. Så drog eg på mitt fyrste møte i NA (Anonyme Narkomane). Det vart redninga for meg, fortel ho.

LES OGSÅ: Ti gonger så mykje ectasy i russetida

Til stades i 131 land
Anonyme Narkomane (NA) er ei internasjonal foreining basert på fellesskap mellom rusavhengige i tilfriskning. Rørsla vart skipa i 1953. NA har meir årleg meir enn 58.000 møter i meir enn 131 land. For meir informasjon om tilbodet der du bur, kan du sjå nettstaden til NA Noreg. NA Norge fyller 25 år i år.

Forutan faste møter, tilbyr NA òg eigne fadrar, såkalla sponsorar, for dei som er på veg ut av rusavhengigheita.

Silje fekk ein sponsor som vart svært viktig for ho.

– Ho er ei herlig dame på nokre og 40 år. Vi er heilt på nett. Eg kan ringe når eg vil. Ho har ingen barn og eg har ingen mor. Sponsoren min har fått den plassen i livet mitt som mor mi eigentleg skulle hatt. Vi har ein fantastisk kjemi, vi berre ler og ler, seier Silje.

Fekk eigen sponsor
Sponsorane er tidlegare rusavhengige som ynskjer å hjelpe andre til å bli rusuavhengige. Alt blir gjort på frivillig basis. For mange vert det vennskap for livet.

– Sponsoren min syner ein kjærleik til meg som eg trur på. Eg ser ho er glad i meg. Det er sterkt, seier Silje. Tidlegare, og framleis, synast ho det er vanskeleg å stole på folk og vise dei tillit.

I NA vert ingen formar for rus godtekne, ei heller alkohol. Etter snart tre år utan rus, held Silje seg òg langt borte frå alkohol.

Vier mykje tid til å hjelpe
”Linda” er ein av dei som jobbar som sponsor. Ho har vore sponsor for mange gjennom eit tiår.

– Det er viktig å få frem at NA er heilt gratis. Det er rusavhengige som hjelper rusavhengige. Det er ingen freshe sosionomar på 22 som seier korleis du skal leve livet ditt. Tilbodet til NA er ikkje for dei som treng det, men for dei som vil ha det, seier Linda.

Ho er no 38 år og har vore sponsor sidan slutten av 20-åra.

– Å få følgje rusavhengige på reisa frå ein er heilt ansvarsfråskrivande til å verte ein aktiv deltakar i samfunn, er… Tårene mine triller, det er veldig sterkt, seier Linda.

LES OGSÅ: Mest rusmisbruk utanfor storbyane

Fem prosent brukar sterke stoff
Narkotikabruken i Noreg har hatt ein nedgåande trend dei siste åra, syner tal frå SIRUS (Statens institutt for rusmiddelforskning). Eigenrapport cannabisbruk blant 15-16-åringer har gått ned frå 12 prosent i 1999 til fem prosent i 2011. 16,2 prosent av befolkninga (15-64 år) sa i 2004 at dei hadde brukt cannabis, medan talet hadde gått ned til 14,6 prosent i 2009.

Når det gjeld eigenrapportert bruk av heroin, amfetamin eller kokain har dette gått frå fem prosent i 2000 til 3,5 prosent til 3,5 prosent i 2008 i aldersgruppa 15 til 20 år. I den vaksne befolkninga rapporterte i 2009 underkant av fem prosent at dei hadde brukt slike stoff ein eller annan gong. 

LES OGSÅ: I fengsel for første gong

Motivasjon
– No er i eg i ferd med å fullføre vidaregåande skule. Etter det har eg lyst til å studere ved universitetet. Eg går i kor og likar å gå på teater. Eg likar å trene. No lever eg eit normalt liv, seier Silje.

Ho oppmodar andre som ynskjer seg ut av rusavhengigheit til å ta kontakt med NA, men understrekar at ein må vere motivert.

– Viss ein har lyst til ei endring, er NA heilt perfekt. Det kan redde livet til folk.

Ho legg til at det einaste ein treng for å lukkast er eit ynskje om å verte rusfri.

– Dei fleste kjem ikkje inn dørene der utstyrt med viljen og motivasjonen ein treng. Med der finn ein styrken, saman med dei andre rusavhengige, seier Silje.