Vellukka nynorsk polferd

– Mållaget sprettar sjampanjen for at Vinmonopolet endeleg skal skilte på nynorsk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No får du raudvin på polet

Det seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. No skal nesten femti norske pol få nynorskskilting.

– Det er avgjerande for nynorsken at han er til stades i kvardagen, og det har difor vore urimeleg at vinmonopol i nynorskområde har skilta på bokmål. Det er ein viktig siger at desse butikkane no får ein språkpolitikk som er i tråd med lokalsamfunnet ikring, held Håvard B. Øvregård fram på nm.no.

Det var ein klage frå Voss Mållag som no har resultert i at vinmonopol i nynorskkommunar skal få nynorsk skilting og materiell. Kulturdepartementet har slege fast at dei kommunale målvedtaka skal leggje føringar for språkval i polutsala. Det er framleis uklart kva språkpolitikk som vil gjelde for polutsal der nynorsken står sterkt, men kommunen er språknøytral. Døme på slike pol er Evje, Odda, Hjelmeland og Geilo.

LES OGSÅ: – Nynorskdebatten er pinleg

– Vi vonar at den omfattande omskiltinga som no kjem, gjer det lett for desse polutsala å velje nynorsk, påpeikar mållagsleiaren. Han gler seg over at det ferske vedtaket vil få omfattande konsekvensar: Til saman er det snakk om minst 43 polutsal i sju fylke, av til saman 264 norske pol.

– Kundar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Telemark, Buskerud og Oppland kan no gle seg til å kjøpe raudvin og kvitvin, avsluttar Håvard B. Øvregård.