Uroa for spesialundervisninga
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon fryktar at elevar som får spesialundervisning vert råka ekstra hardt av streiken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mest å tapa på streiken
I dag kjem mange norske elevar attende på skulen etter sommarferien, medan kring 64.000 elevar vert råka av lærarstreiken.
5.500 lærarar er teke ut i streik frå fyrste skuledag. I tillegg er det varsla at 2.200 nye lærarar skal streike frå 21. august.
LES OGSÅ: Jenter blir gløymt i spesialundervisninga
– Skjerm elevane som får spesialundervisning
I ei pressemelding skriv Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) at dei fryktar elevar som treng spesialundervisningskal tapa meir enn naudsynt i samband med konflikta, som ser ut til å verte langvarig.
Rundt 9 prosent, eller over 50 000 elevar, får i dag spesialundervisning i skulen. Eit tal som har stige jamt dei siste åra.
– Me ber difor alle skular som er råka av streiken om å skjerma dei elevane som får spesialundervisning. Når du har et trong for ekstra tilrettelagt undervisning, er du svært sårbar. Du har i mindre grad moglegheit for å ta igjen tapt undervisning, og vil i mindre grad enn andre kunne ta igjen det dei har tapt som følgje av konflikta, seier generalsekretær i FFO, Liv Arum.
LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor