Ungdom må betala for dårleg luft

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På torsdag skal fylkesutvalget avgjere kor fylkeskommunen skal spara inn 40 millionar kroner. Dette kjem som følgje av budsjettoverskridingar i føregåande år. Årsmeldinga til fylkeskommunen slår fast at overskridingane blant anna kjem frå ekstrabussane som vart sett opp i samband med luftforureininga ein opplevde i Bergen sist vinter. Cirka ein fjerdedel av innsparingane skal skje ved redusering i samferdselsbudsjettet

– Me ser det som skandalaust å redusera tilbodet til dei som bidreg i miljøarbeidet ved å reise kollektivt, seier leiar Karl-Erik Strøm Skogseid.

Ein av millionane skal fylkeskommunen dekkja inn ved å fjerna Kystbussen frå Ungdomskortordninga. Indirekte vil det seia at ungdom i Sunnhordaland må betala delar av prisen for luftforureininga i Bergen i fjor vinter. Det er ein praksis ungdommane reagerer sterkt på.

Ungdommens fylkesutval meiner fylkeskommunen heller må sjå etter tiltak som gjer at det er forureinaren som betalar.

– Slik forslaget er laga, er det eit slag i andletet for dei som vel å reise kollektivt uansett alder, seier Strøm Skogseid i ei pressemelding.