AUF vurderer å droppe skuledebattar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vurderer å seie nei til debattar

– Det er ikkje sikkert at den måten vi har organisert skulevala hittil, er den ultimate løysinga, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til Dagbladet.

AUF vurderer derfor å droppe skuledebattane til fordel for unntaksordninga, som går ut på at debatt med andre parti blir bytt ut med buttons og brosjyrar som delast ut på valtorg.

Forslaget til Pedersen fell ikkje i god smak hos andre parti.

KOMMENTAR: Framtidas skulevalkamp

– Eg har djup respekt for tapa AUF leid 22. juli. Men det ville vere forferdeleg synd og paradoksalt om 22. juli-terroren får skape varige endringar i den demokratiske meiningsbrytinga. No gjeld det å kome tilbake til den politiske normalen, der ein tåler usemje og politiske gnissingar, seier leiar Andreas Halse i Sosialistisk Ungdom.

Det er forskjell på å debattere og å dele ut propagandamateriale på stands, påpeikar han.

Sosialistleiaren får støtte frå den andre enden av den politiske skalaen.

– Etter eit år der ungdom og demokrati har stått i fokus, ville det vere paradoksalt om den einaste debattarenaen til ungdommen blir lagt ned, seier Fremskrittspartiets Ungdoms leiar Himanshu Gulati.

LES OGSÅ: Vervar fleire tusen på valtorg

Heller ikkje Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn meiner forslaget til Pedersen har noko føre seg.

– Det vil vere udemokratisk å avlyse skuledebattane, seier Rotevatn.

Pedersen svarer at han synest ordninga med valtorg er fin og at dei gir informasjon om kva ein står for. Skuledebatt er det derimot fordelar og ulemper ved, meiner han. (©NPK)

Er det ein god ide å droppa skuledebattane? Eller bør ein ha begge deler?