Statoil og UiB med ny rammeavtale

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny Statoil-avtale

– Eg ser ikkje at Universitetet i Bergen har behov for ein slik avtale dersom dei vil vere føregangsuniversitet for omstilling. Det har vore mykje snakk om å gjera klima til eit satsingsområde, då er det litt rart å inngå ein rammeavtale om oppdragsavtalar for petroleumsforsking, seier Ragnhild Freng Dale.

For nokre år sidan byrja ho å engasjera seg i at Universitetet i Bergen (UiB) skulle bli fossilfritt – med eit spesielt fokus retta mot samarbeidsavtalen UiB hadde med Statoil om forskingsfinansiering.

No er ein ny rammeavtale gjort mellom UiB og Statoil – ei løysing som liknar på samarbeidet selskapet har med Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og NTNU.

Avtala gjeld prosjekt der Statoil finansierer forskinga fullt, og regulerer pris, publisering og andre vilkår når Statoil er oppdragsgivar, melder UiB i ei pressemelding. Avtalen gir universitetet sjansen til å konkurrera om forskingsprosjekta på lik linje med andre.

LES OGSÅ: – Det vart fort mykje større enn me trudde

– Statoil treng forsking på ei rekke områder, frå kunnskap om olje og gass til forsking på fornybar energi. Fagmiljøa våre får no ryddige rammer for på fritt grunnlag å avgjera om dei ønskjer å delta i konkurranse om ulike typar oppdragsforsking som passar inn i forskingsprofilen, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen om den nye avtalen.

Han er nøgd med avtalen.

– Vi har hatt gode relasjonar til Statoil over mange år. Rammeavtala regulerer dei generelle vilkåra for oppdrag, samtidig som ho gir ryddige rammer for konkrete prosjektavtaler, seier Olsen.

– Det vart fort mykje større enn me trudde

Ragnhild Freng Dale er ikkje begeistra for den nye rammeavtalen mellom Statoil og UiB. Foto: Eva Palazetti

Ragnhild Freng Dale, som fekk Skjervheimsprisen i fjor for engasjementet sitt for eit fossilfritt universitet, er ikkje like nøgd.

– Med bakgrunnen i dei debattane som gått siste åra og det at me veit at verda må kutte ned på fossil energibruk, synest eg det er litt merkeleg. Det verkar som UiB er med på å tippe balansen til fordel for fossil energi, noko som ikkje er ein god ting for eit universitet som har eitt av dei beste fagmiljøa på klimaendringar, seier Freng Dale.

Ho understrekar at ho ikkje veit korleis avtalen vil utarta seg, og at ein rammeavtale trass alt er ei ryddigare løysing.

LES OGSÅ: Folk er meir uroa over klimaet

Til På Høyden, Universitetet i Bergen si uavhengige avis, seier rektor Dag Rune Olsen at han ikkje forventar kritikk frå miljølobbyen ved UiB.

Forskingsdirektør i Statoil, Lars Høier, ønskjer at avtalen mellom dei og UiB skal ha god klimaeffekt.

– Vi ønskjer å samarbeid med internasjonalt leiande forskingsmiljø. Energieffektiv olje- og gassproduksjon er viktig for oss. Vi har lågastCO2-utslepp i verda, men kan alltid bli betre. Statoil har som eit klart mål å vere det mest karbonvennlege oljeselskapet. Vi er og opptekne av å byggje på 40 års erfaring med offshoreteknologi, og dette er eit område UiB òg har kompetanse på, seier Høier.

LES OGSÅ: – Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre