Teikneseriar mot oljeboring

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Striper mot oljeboring

Avgjersla om kva som skjer i Lofoten, Senja og Vesterålen nærmar seg. Miljørørsla mobiliserer for varig vern av gyteområdet for den største villtorskstamma i verda.

Onsdag klokka 18 er det fakkeltog frå Jernbanetorget i Oslo til Stortinget.

Fakkeltoget blir den siste store massemønstringa før regjeringa tar avgjersla si. Gaute Wahl, leiar i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja er mellom dei som held appell. Mari Boine er blant dei osm skal syngja.

Motstanden mot oljeboring har no gått til teikneseriane.

Her kan du sjå stripene mot oljeboring i Lofoten, Senja og Vesterålen: