Største kulturfestival for ungdom

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal opne for Magnus Carlsen

– Det er ekstremt moro å vere med på landsmønstringa!

Det seier Amund Kleppan (16) og Ruben Gilje (16) i jazzbandet HIPPT. Med låta Caged Bird klatra dei frå lokalmønstring i Lillehammer til landsmønstring i Larvik. No skal dei varme opp for sjakkmeister Magnus Carlsen i Lillehammer.

– Ein fin måte å starte sommarferien på
Amund og Ruben er blant 25 000 ungdommar som har delteke på kulturmønstringane over heile landet. Kring 30 frå kvart fylke går vidare til landsmønstringa, som i desse dagar går av stabelen i Larvik. Og der er stemninga god.

– Landsmønstringa har vore veldig trivelig, og vi har møtt mange flotte folk. Vi bur saman, har workshops og spelar konsertar, så det er ganske sosialt, fortel Amund.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Trommis Amund og Ruben, på flygel og vokal, deltek med songen Caged Bird, der dei har lagt teksten til poeten Maya Angelou over ein eigenkomponert melodi. Låta skildrar dei som “funky jazz”.

– Det er mykje improvisasjon og soloar. Ganske groovy song, eigentleg, utdjupar Amund.

Sjå video her!

Dei to Lillehammer-gutane øvde lenge på sangen og fekk med ein bassist på lokalmønstringa. Men då dei kom vidare til fylkesmønstringa, kunne ikkje bassisten.

– Då berre spelte vi utan han. Det gjekk greit, men plutselig kom vi vidare til landsmønstringa. Då fekk ikkje bassisten vere med, sidan han ikkje var med på fylkesmønstringa, fortel Amund.

– Det var litt dumt, men det gjekk fint, altså.

Av juryen fekk HIPPT høyre at dei samarbeida bra musikalsk, og inkluderte kvarande på scena.

– Vi er ikkje i vår eigen lille boble, men spelar saman som ein duo. Det har mykje å seie for å skape levande musikk der og då, seier Amund.

Under landsmønstringa var HIPPT blant tolv innslag som vart plukka ut til å spele ein ekstra gong, på den såkalla Drøymeforestillinga.

– Vi syns det er veldig stort å vere her. Det er ikkje så mange som får vere med på dette, så det ser vi på som ei ære. Då vi spelte på Drøymeforestillinga var det rimeleg fullt, med kring 600 folk i salen. Det var skikkeleg bra stemning!

LES MEIR: Skeiv litteratur til folket!

Opnar for Magnus Carlsen
HIPPT er ikkje ubevandra i konsertverda, korkje når det kjem til kulturmønstringar eller elles. Dette er andre gong Amund og Ruben deltek, men første gong dei deltek som HIPPT. Også utanfor kulturmønstringa har ballen byrja å rulle for duoen, som eigentleg er ein trio.

– Vi har byrja å få litt erfaring og dette er ein fin arena for å få meir. For bandet betyr det at vi kom til landsmønstringa at det er mogeleg å komme ganske langt og at folk liker musikken vår, og det liker vi.

Amund fortel at bandet har fått nokre speleoppdrag. Når stormeisteren i sjakk Magnus Carlsen møter Borki Predojevic i Lillehammer i dag, skal bandet opne showet.

– Det vert sendt direkte på VGTV og i fleire land. Vi har ikkje nervar endå, men kanskje kjem dei like før, fortel Amund.

Det beste minnet han tek med seg frå UKM er dei spanande arbeidsverkstadane han har hatt med dei andre deltakarane.

– Under workshopen fekk vi spele med ein jazztrio. Etterpå spelte vi for dei andre under lønsjen. Vi lærte mykje og hadde det veldig gøy. I tillegg er det veldig interessant å få konserterfaring og kome i kontakt med andre med same interesser, fortel Amund.

– Ver deg sjølv
Når UKM rundar av i Larvik betyr det altså ikkje slutten for HIPPT. Dei er i godt selskap; Eva and The Heartmaker og Mhoo er blant artistane som starta si karriere på ungdommens kulturmønstring.

– Har du nokre råd til andre som vil nå langt i UKM?

– Ein må berre prøve og prøve. Å feile er ikkje farleg. Stå på og hald på drivet og energien, seier Amund, og Ruben legg til:

– Ver deg sjølv på scena. Skil du deg ut kan du kome langt, seier han.

LES MEIR: Forvirring i skolesekken