Fem filmtips til late sommardagar
Smeltar du ute i sola? Filmmeldar Jenny Lund anbefaler filmar om ferie og varme dagar.
Min Nabo Totoro
Satsuki (Noriko Hidaka) og litlesyster Mei (Chika Sakamoto) flyttar ut på landet med far sin for å bu nærmare sjukehuset der mora deira er innlagd. Ein dag, då Mei er ute, ser ho to små skapningar. Dei leier ho til det ho trur er eit troll – eit enormt, lòdent dyr ho gir namnet Totoro. Heldigvis er han berre snill, og snart blir også Satsuki invitert inn den magiske verda som lurar i skogen.
Det er mange av Studio Ghibli sine filmar som kunne passa inn her, men Min Nabo Totoro er den som gir meg den sterkaste kjensla av korleis sommarferien kjendest då eg var liten. For Satsuki og Mei er alt magisk og spennande, ikkje berre skogsånder og kattebussar.
Den handteikna animasjonen og Joe Hisaishi sitt ljodspor er aleine nok til å gjere Min Nabo Totoro verdt å sjå. Heldigvis er det også ein genuint rørande og velskriven film full av sjarm, utan at det blir for platt eller sukkersøtt. Rett og slett ein klassikar, med god grunn.
- Du kan strøyme Min Nabo Totoro på dei gratis bibliotektenestene Filmoteket og Cineast, med Netflix-abonnement, eller leige/kjøpe på Apple TV og SF Anytime.
Aftersun
11 år gamle Sophie (Frankie Coro) har ein minneverdig ferie saman med pappa Calum (Paul Mescal) på eit feriesenter i Tyrkia. Dagane er fulle av sol, bading og nye inntrykk, men mellom augeblikka med idyll skurrar noko. Nøyaktig kva denne turen betydde, er likevel enklare å sjå i etterkant. Aftersun vevar minne og notid saman i eit portrett av forholdet mellom far og dotter, men er også ei utforsking av dei skuggane me ikkje alltid kan sjå i andre.
Aftersun er debutfilmen, og så langt den einaste langfilmen, til den skotske regissøren Charlotte Wells. Ho har henta inspirasjon frå eigen barndom, som nok er litt av grunnen til at Aftersun er ei så tvers igjennom ektefølt filmoppleving der glede og melankoli dansar saman i nydeleg harmoni.
Då filmen kom ut i 2022 blei han møtt av enorm begeistring frå filmkritikarar, og også i dag vil eg peike på han som ein av dei aller beste filmane dette tiåret.
- Du kan strøyme Aftersun på dei gratis bibliotektenestene Filmoteket og Cineast, eller leige/kjøpe på Blockbuster, Rakuten TV, SF Anytime og Viaplay.
Haisommer (Jaws)
Bur ein på ei øy, er det ein fordel om ein likar å bade. Det gjer både befolkninga og besøkande turistar på Amity Island i New England i USA.
Den sommarlege gleda får seg dermed ein smell då restane av ei ung kvinne blir funnen på stranda. Medan borgarmeisteren nødig vil sette ein stoppar for trafikken småbyen ventar rundt nasjonaldagen, er politisjef Martin Brody (Roy Scheider) sikker på at det ikkje er snakk om ei båtulykke, slik han hevdar. Med hjelp frå marinbiolog Matt Hopper (Richard Dreyfuss) får han sanninga for seg: Det er snakk om hai. Alliert med hai-jeger Quint (Robert Shaw) sett dei ut på jakt for å ta beistet, men har dei verkeleg det som trengst?
Eg var ikkje særleg begeistra for Spielberg sin nyaste film, Disclosure Day, men Haisommer er blant filmane som hogde namnet i stein som ein av historia sine største filmskaparar. Kjent som gjennombrotet for den moderne sommarblockbustaren er Haisommer ein nøye balansert miks av nervepirrande spenning og mellommenneskeleg småbydrama, men også nok hjarte og humor til at det blir lett å bry seg om karakterane.
Filmen gav oss også ein irriterande fengande Lemon Demon-song (røpealarm for dei som ikkje har sett filmen).
- Du kan strøyme Haisommer med Viaplay-abonnement, eller leige/kjøpe på Apple TV, Blockbuster, Prime Video, Rakuten TV og SF Anytime.
Pikene fra Rochefort
Sola skin i Rochefort i Frankrike, og eit knippe menneske er i ferd med å få oppleve ein sommar utan sidestykke – i musikalform. Medan dansaren Delphine (Catherine Deneuve) og komponisten Solange (Françoise Dorléac), tvillingsøstrer og bestevenar, lengtar etter kjærleik og nye liv i Paris, kjem dei reisande seljarane Ètienne (George Chakiris) og Bill (Grover Dale) til byen.
Samtidig er kunstnar-poeten Maxence (Jacques Perrin), oppteken med militærtenesta si, og på jakta etter den perfekte kvinna, som han har måla, men aldri møtt. Legg til ei mor som angrar på fortida, ein besøkande komponist og ei rekke skøyne bikarakterar, og ein har eit fornøyeleg kaos i vente.

Det er både dans og sterke fargar i denne franskspråklege filmen. Skjermbilete frå traileren via Criterion på YouTube.
Medan vegar kryssast og sanningar kjem fram i lyset, er det jammen ikkje lett å vite om det er Paris som er kjærleiken sin hovudstad, eller Rochefort.
Franske Jacques Demy er spesielt kjent for det estetiske i filmane sine, med nydelege fargar og iscenesetting med personlegdom i massevis. Det gjeld også her. Den franske hamnebyen Rochefort ser ut som om han er plukka rett frå eit eventyr, eit uttrykk som berre blir forsterka av dei velkledde folka som syng og dansar i gatene. Medan Demy sin andre kjente musikal som kom eit par år tidlegare, Paraplyene i Cherbourg, er ein ganske trist affære, er Pikene fra Rochefort ein eksplosjon av god stemning.
I dag kan ein sikkert sjå på handlinga og tenke at dette er for dumt, men stilen og energien er så bra at det er vanskeleg å ikkje la seg rive med, i alle fall om ein har eit ope hjarte for musikalar.
- Du kan strøyme Pikene fra Rochefort med Mubi-abonnement, eller leige/kjøpe på Apple TV, Blockbuster, Prime Video, SF Anytime og Viaplay.
The Love That Remains
Denne ganske nye, islandske filmen, er som eit motsvar til den typiske romcom-filmen: Ein dramakomedie om skilsmisse.
Her følgjer me biletkunstnaren Anna (Saga Garðarsdóttir) og (eks)mannen Magnus (Sverrir Guðnason) medan dei venner seg til dei nye liva sine, spesielt med tanke på dei tre barna dei har saman. The Love That Remains er både hysterisk morosam og ein film til ettertanke, sett til biletskjønne omgjevnadar. At det er ungane til regissør Hlynur Pálmason gir enda eit spennande lag, samtidig som det forklarar kor utruleg ekte forholdet mellom dei tre kjennest.
Ok, denne er litt juks: Dette er ein film som tek for seg eit heilt år, så det er eigentleg berre ein brøkdel av han som faktisk handlar om sommar. Samtidig er desse scenane, bada i den islandske midnattssola, såpass flotte at det er innafor i mitt hovud.
Det er også ein av dei beste filmane eg såg på filmfestivalen i Tromsø i år, og sjølv om han fekk seg ein runde på norske kinoar, fekk han aldri heilt den merksemda eg synest han fortener.
Og så er det ein utruleg søt hund med.
- Du kan leige/kjøpe The Love That Remains på Apple TV og SF Anytime.










