– Størst språkleg mangfald i Aust-Europa
I «Språkfakta 2015» har Ottar Grepstad sett nærare på utbreiinga av språk i Europa. Dette fann han ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Størst språkleg mangfald i Aust
På Aasentunet.no vil eit kapittel frå boka publiserast kvar dag, frå og med den europeiske språkdagen, 26. september 2015.
I dei to første kapitla blir noko av breidda i det europeiske språklandskapet – første kapittel viser at det er minst 2000 språk som ikkje har eit skriftspråk, og 2400 språk – kvart tredje språk i verda, er på veg ut av bruk eller i vanskar. Det skriv Aasentunet.no i ei pressemelding.
Få språk dominerer
– 23 ulike språk er førstespråket til seks av ti menneske på jorda, skriv Ottar Grepstad i boka.
I Europa er det russisk som dominerer.
– Med 155 millionar førstespråkbrukarar er russisk det største språket i Europa. I snitt blir det største språket i kvart land brukt av ni av ti innbyggarar, skriv Grepstad vidare, og legg til at det språklege mangfaldet er større i aust enn i vest, og større i sør enn i nord.
LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar