«Stopp diskrimineringa av homofile!»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingrid (15): Stopp diskrimineringa!

Eg blir vettskremd når eg tenkjer på kor mange fordommar homofile blir møtt med frå somme kristne. Dei får ikkje gifte seg i kyrkja, eller jobbe i kyrkja utan å bli trakassert. Likevel seier kristne at dei aksepterer alle og at religionen deira er tolerant, det tykkjer eg blir heilt feil.

Alle menneske, uansett kva legning eller kjønn dei har, er like mykje verd. Det er ikkje alle kristne  einige i. Alle dei tre prostane i Sogn og Fjordane er i mot vigsel av homofile par. Dette tykkjer eg er kvalmt. Me er i år 2015, og fortsatt nektar kristne å akseptere dei som ikkje følgjer ei 5000 år gammal bok! Hallo??

LES OGSÅ: Rekordmange melder seg ut av kyrkja

Sjølvsagt må dei kristne få lov å ha trua si, men å nekte nokon å gifte seg berre fordi ein ikkje er eit «tradisjonelt» par, klarar eg ikkje å  forstå. Somme kristne meiner at eit ekteskap må vere mellom ein mann og ein kvinne, fordi dei to saman kan lage born.

Eg synes det er heilt feil at par ikkje skal få gifte seg i kyrkja berre på grunn av kva dei er. Det er jo ikkje eit bevisst val å vere homofil, eller nokon annan legning. Det er noko du er fødd med, og du kan ikkje bestemme deg for å skifte legning. Derimot kan kyrkja  bestemme seg for å akseptere at det fins noko anna enn heterofili. Eg tykkjer det er på tide å legge dei gammaldagse tankane bak seg, og la homofile bli akseptert i kyrkja.

LES OGSÅ: Homofile prestar fryktar kyrkjevalet

Eit anna problem er at homofile og lesbiske prestar blir trakasserte på arbeidsplassen, og nokre plassar får dei ikkje eingong vere prestar. Hallo, me er i 2015! På grunn av at så mange prostar er imot homofil vigsel, fryktar homofile prestar at dei mistar jobben sin, og tørr ikkje «kome ut av skåpet» på grunn av dette. Dette syns eg er heilt forkasteleg og eg ynskjer  meir støtte til kristne homofile, for dei treng det.  

Kyrkja må akseptere homofile og la dei få same rettane på som andre. Samtidig må dei gjere slutt på trakassering av homofile som arbeidar i kyrkja. Eg meiner, hallo?? Det er 2015 og menneska har fortsatt problem med å tolerere at alle ikkje er like? Jesus sin bodskap er tydelegvis gløymd, når ein rettferdiggjer mobbing og utestenging frå fellesskap med Bibelen i handa. Kom igjen, skjerp dykk, og stopp trakasseringa av medmenneske!

Ingrid sin blogg: ingridaliheim.blogg.no

Faktaboks

 Ingrid Aspeseter Liheim er 15 år og kjem frå Sogndal. Ho har eit engasjement for rettferd og homofile sine rettar.

KULTURBLOGG
Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?
I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg