Språklege stereotypar
Fransktalande jenter og tyskpreikande gutar er norma i den norske ungdomsskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aftenposten skriv i dag at det er store geografiske skilnader i kva framandspråk norske ungdomsskuleelevar vel.
Også kjønn spelar inn når ferske ungdomsskuleelevar skal velje kva språk dei vil lære i tillegg til engelsk.
Spansk på topp
Fleire jenter enn gutar vel framandspråk i ungdomsskulen, ifølgje tal frå Nasjonalt senter for fremmedspråk i opplæringen. I alt tek 73 prosent av gutane og 80 prosent av jentene framandspråk.
I skuleåret 2011 til 2012 valde fleire jenter enn gutar fransk og spansk då dei byrja på ungdomsskulen. Gutane gjekk i staden for tysk eller fordjuping i engelsk og norsk.
– Forskjellane i jenter og gutar sine val av framandspråk på ungdomstrinnet har vore stabile over tid, og dette held fram inn i vidaregåande opplæring, heiter det i notatet ”Valg av fremmedspråk: Hvorfor velger gutter og jenter forskjellig?”.
Spansk er det mest populære valet for begge kjønn, men det er fleire jenter enn gutar som vel spansk.
Les notatet frå Nasjonalt senter for fremmedspråk i opplæringen her.
Feminine Frankrike
Stereotypar knytt til språk får delar av skulda for skeivfordelinga. Frankrike er heimlandet til skjønnheit, raffinement, kultur, kunst, eleganse og stil. Verdiar som forskarane bak rapporten ymtar om appellerer meir til jenter enn til gutar.
– Sidan samfunnet oppfattar fransk som eit feminint språk, er det sjølvsagt for mange gutar å ikkje velje fransk fordi det hadde gått imot deira maskulinitet, heiter det i notatet.
Få mannlige fransklærarar får óg delar av skulda. Ei undersøking gjort i delstaten Victoria i Australia syner at det er ein tendens til at dess fleire mannlege lærarar det er som underviser i eit framandspråk, dess fleire gutar vel dette språket. Når talet mannlege lærarar i eit fag aukar, vel fleire gutar dette faget.
I tillegg peikar forfattarane bak rapporten på at jenter i større grad enn gutar føler at dei vert stimulert av foreldre, lærerar og vener til å velje framandspråk.
Ei anna forklaring bak skilnadene er at arbeidsmengda i framandspråkfag er større enn i til dømes fordjupingsfag. Konsekvensen er at mange elevar, særleg gutar, vel fordjupingsfag framfor framandspråk.
Geografiske skilnader
Ifølgje Aftenposten er det store geografiske skilnader i kva framandspråk ungdomsskuleelevar vel. Nær halvparten av elevane i Sogn og Fjordane går for den gamle travaren tysk når dei skal velje framandspråk. I Oslo er det tilsvarande talet ein av fem.
Avdelingsdirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Are Turmo, seier til Aftenposten at dei ikkje er i tvil om kva framandspråk dei vil anbefale norske elevar å velje.
– Vi er veldig opptekne av at elevane vel eit språk som kan nyttast i dei landa som er viktige for norsk næringsliv, seier Turmo til Aftenposten. Tysk er dermed det beste valet om ein skal lytte til NHO, fulgt av kinesisk.
Dermed kan det verke som gutar frå distrikta gjer dei smartaste språkvala blant ungdomsskuleelevane.
Faktaboks
Framandspråk
• 80 prosent av jentene og 73 prosent av gutane i norske ungdomsskular tek framandspråk.
• Kring 35 prosent av jentene vel spansk, mot kring 30 prosent av gutane.
• Fleire jenter enn gutar vel også fransk, medan tendensen er omvendt for tysk.
• Framandspråk er språk som kjem i tillegg til den obligatoriske engelskundervisninga.
• Fleire gutar enn jenter vel bort framandspråk undervegs.
• Kjelder: Fremmedspråksenteret/Aftenposten