Spår eksplosiv oppdrettsvekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Store tal svirra i lufta da HAV21-utvalet la fram strategien sin for forsking og utvikling i marin sektor førre veke. I rapporten står det at den «marine avkastninga» i Noreg kan seks­doblast frå dagens nivå og vere på heile 550 milliardar kroner årleg i 2050. («Marin avkastning» handlar her ikkje om olje og gass, men om hausting av livet i sjøen.)

Men ein av hovudføresetnadene for dette svimlande talet er at norsk laks- og aureoppdrett skal auke den årlege produksjonen frå éin million tonn i dag til fem millionar tonn i 2050. Rapporten hevdar at dette skal kunne skje på berekraftig vis (ordet «bærekraftig» opptrer 91 gonger på dei 92 sidene i HAV21-strategien).

Og da blir ting vanskelege. Alt i dag set den norske oppdrettsnæringa store fotavtrykk i miljøet: Rømd oppdrettslaks vatnar ut genmaterialet til villaksen, og lakselus frå oppdrettsanlegga skader vill laks og sjøaure. Ikkje minst: Det er allereie vanskeleg å skaffe nok fôr til oppdrettslaksen utan å drive overfiske på artar som tobis, kolmule og augepål. Tala er omdiskuterte, men det trengst truleg mellom to og fire kilo villfisk for å få fram éin kilo oppdrettslaks.

LES OGSÅ: Revolusjonerer fiskefôret

I mars i år kom Riksrevisjonen med skarp kritikk av måten oppdrettsnæringa blir forvalta på. Riksrevisjonen viste mellom anna til fôrproblema, luseplaga, lakserømming, sjukdom hos oppdrettslaksen og ureining frå merdane og slo fast at «de miljømessige utfordringene i havbruksnæringen er blitt så vidt omfattende at næringen ikke kan sies å ha hatt en tilstrekkelig miljøtilpasset vekst, slik Stortinget har forutsatt».

Men når dagens oppdrettsnæring er så problematisk – korleis kan ein da tru på ei berekraftig femdobling av produksjonen?

– Krev haldningsendring
For å få svar på det må vi spørje dei som står bak det nye strategidokumentet til HAV21, FOU for en havnasjon av format. Vi startar med miljørørsla: WWF Norge har vore ein skarp kritikar av miljøproblema i oppdrettsnæringa. «Norsk oppdrettsnæring er i dag ikke bærekraftig», slår WWF fast på nettsida si og viser til miljøproblem som rømming, lakselus og press på andre fiskeslag for å skaffe nok fôr.

WWF Norge har vore med i arbeidsgruppa til HAV21. Dag og Tid spør Karoline Andaur, leiar for havmiljøprogrammet til WWF, korleis ein kan femdoble norsk oppdrettsnæring på berekraftig vis.

– Ja, det er eit godt spørsmål, seier Andaur.

– Dette er ein stor rapport, og WWF kan ikkje stå inne for kvar setning. Men om visjonen for oppdrettsnæringa skal realiserast, krev det ei fundamental haldningsendring og mykje forsking og teknologisk utvikling. Elles er ikkje ein slik vekst realistisk.

LES OGSÅ: Fattige fiskarar fryktar norsk laks

Andaur meiner HAV21-rapporten er eit positivt steg fordi han får fram behovet for meir kunnskap om økosystema i havet.

– Rapporten seier òg at problema med lakselus, rømming og sjukdom må løysast, og at alle råvarene i fiskefôret må vere hausta på berekraftig vis, for at ein vidare vekst i oppdretts­næringa skal vere forsvarleg. Til no har reguleringane av næringa alltid kome i etterkant, når problema har blitt synlege, seier Andaur.

Trur på visjonen
Havforskingsinstituttet er ein viktig premissleverandør i dette ordskiftet. Direktør Tore Nepstad har vore medlem av arbeidsgruppa bak HAV21-strategien. Han meiner visjonen om ei berekraftig femdobling av laks- og aureoppdrett innan 2050 kan vere realistisk.

– Ja, det trur eg. Elles ville eg ikkje sett namnet mitt under dette dokumentet. Men føresetnaden for å realisere det er at dette feltet blir forska meir på.

– Men er det realistisk å femdoble produksjonen på berekraftig vis, når det er så mange problem knytte til dagens produksjon?
– Det føreset at du får aksept i storsamfunnet for at havbruksnæringa har miljøeffektar, at ein kan skaffe nok fiskefôr, og at arealkonfliktane blir løyste. Men kva som er ein akseptabel påverknad frå havbruksnæringa, må definerast politisk. Du kan ikkje ha matproduksjon utan å påverke naturen.

– Er oppdrettsnæringa i Noreg berekraftig i dag?
– Fleire element ved dagens havbruksnæring er på kanten av det berekraftige. Tidvis er ho berekraftig. Men lusepåverknaden er til dømes eit problem.

– Eg skjønar at næringa kan finne tekniske løysingar på problema med rømming og lakse­lus, om det er vilje til å ta kostnadene. Men problemet med å skaffe nok laksefôr utan å overbeskatte andre fiskeslag er meir fundamentalt?
– Så lenge dei viltlevande be­­standane er hausta berekraftig, er det mogleg. Det skjer ei stor utvikling i fôrproduksjonen, med meir vegetabilsk innhald i fiskefôret.

– Men om ein berre gongar dagens produksjon med fem og brukar dei same fôringrediensane, vil det vel medføre ei hausting av industrifiskebestandane som ikkje er berekraftig? 
– Det ligg mange føringar i det du seier som eg ikkje utan vidare vil slutte meg til. Føremålet med HAV21-studien er mellom anna å vise at det er rom for vekst i sektoren dersom vi kan skaffe det naudsynte faglege grunnlaget, seier Tore Nepstad.

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg

Den siste oljen
HAV21-strategien er ei oversikt over kva ein bør forske på i marin sektor, og gjev ikkje klare svar på korleis ein skal løyse miljøproblema til oppdrettsnæringa. Men problema med lakselus, sjukdom, rømming og ureining er i det minste erkjende. Det same er problemet med å skaffe nok fôr: «Det vil bli økende knapphet på fôrråvarer som inngår i dagens fiskefôr», heiter det. Blant løysingane som blir nemnde, er meir bruk av plantekost i fiskefôret, hausting av marine artar lenger nede i næringskjeda, meir bruk av restavfall frå fiskeria og oppdrett av nye artar til fôrføremål.

Spørsmålet er likevel om det kan bli nok til å fø opp fem gonger så mykje laks som i dag i norske merdar. Overgangen til meir vegetabilsk fiskefôr har alt pågått lenge, og kring 60 prosent av maten til oppdrettslaksen er i dag plantebasert. Men dette byd på sine eigne problem: Om laksen får for mykje plantekost, fell òg innhaldet av det sunne feittet i fisken.

LES FLEIRE SAKER OM HAVBRUK!

«I løpet av den siste tiden har det vært rettet sterk kritikk mot det gradvis synkende innholdet av marint fett i laksemuskelen», heiter det i Havforskningsrapporten 2011 frå Havforskingsinstituttet. Truleg er innblandinga av soya og korn i laksefôret nær taket, om næringsinnhaldet i laksen skal haldast oppe.

Tilgangen på fiskeolje er den største avgrensinga for vidare vekst i oppdretts­næringa. Årleg produksjon av fiskeolje i verda er på kring ein million tonn. «Det er lite trolig at dette kvantumet kan økes i vesentlig grad», heiter det i Havforskningsrapporten 2011. Og av den samla produksjonen av fiskeolje i verda forbruker fiskeoppdrett heile 87 prosent. Her er det med andre ord lite å gå på, om laksen skal bli feit nok.  

LES SAKA I DAG OG TID!