Små steg mot endring

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho har aldri angra eit sekund, bibliotekaren frå Oslo som ein dag for tretten år sidan sa opp jobben, pakka ned alle sine lausøyrar, tok med seg bikkja, og reiste til Harare, Zimbabwe.

Der arbeider Cecilie Butenschøn Mariri med eit kvinnerettsprogram, som nyleg fekk skryt av NORAD og Norsk Institutt for By og Regionsforsking (NIBR).

LES OGSÅ: Transformatoren

Snubla over jobben
Butenschøn Mariri er født og oppvaksen i Oslo, og har vore bibliotekar i 37 år. Den endelause reisa starta då ho reiste til Zimbabwe for første gong, på oppdrag for Christian Michelsens Institutt i Bergen.

– Dette var under VM i fotball i 1998. Eg hadde ikkje TV i leiligheita i Harare, så eg stakk innom ein lokal pub for å sjå kampar. Då Noreg slo Brasil gjekk eg sjølvsagt gjennom taket! Ein mann spurte om eg var norsk og vi kom i prat. No har vi altså vore gift i nesten 13 år.

Bibliotekaren måtte heimom ein tur, før ho pakka kofferten for godt. Snart vende ho tilbake til Zimbabwe, og på den norske nasjonaldagen snubla ho tilfeldigvis over jobben ho har i dag.

LES OGSÅ: – Me kan spørje oss om me har gått for langt

– Eg stod bunadskledd på ei mottaking og beundra ei marsipankake dekorert med norsk flagg, då ei dame ved sidan av sa: «bra kake». Eg måtte jo berre spørje kvar ho hadde lært å snakke norsk.

Kvinna arbeidde på Women’s Law Centre på Universitetet i Zimbabwe, som samarbeider med Institutt for kvinnerett ved Universitetet i Oslo.

– «Treng de ein bibliotekar», spurde eg, og det gjorde dei nok, for same år byrja eg å arbeide med kvinnerettsamlinga ved universitetet.

Kvinnerett i norsk regi
No har Butenschøn Mariri ansvar for ei kvinnerettssamling, som er trygt plasser i ein murvilla, omgjeve av symjebasseng og frittgåande høns. Der arbeider ho med eit masterprogram for studentar frå det sørlege og austlege Afrika.

Sidan 1990 har Noreg støtta arbeid for kvinner sine rettar i det i stor grad maskuline politiet og rettsvesenet i Zimbabwe. Sidan då har menn og kvinner frå heile det sørlege og austlege Afrika teke masterstudiet, der dei fordjuper seg i kvinner sin posisjon i rettssystemet og kvinner sine generelle rettar i regionen.

LES OGSÅ: Blant dei beste i landet

I dag har programmet vakse til eit regionalt forskingssenter, med 30 studentar og sju doktorgradsstipendiatar. Studentane har ulik bakgrunn og ofte lang arbeidserfaring. Særleg rettar programmet seg mot personar frå politi, rettsystem og fengsel, for å påverke innanfrå.

Samlinga Butenschøn Mariri har ansvaret for dreier seg om jus, kvinnerett og menneskerett. Studentane studerer alt frå rett til utdanning og arv, til vald mot kvinner, prostitusjon og seksualitet.

Masterprogrammet har blitt evaluert av NIBR, som har teke føre seg verknader av og berekrafta til studiet. Sidan 2003 har 195 kandidatar gjennomført programmet, og NIBR-undersøkinga syner at mange av deltakarane har fått eit tydeleg løft i karriera i ettertid.

Kvinneperspektiv
Retten til utdanning er den same for alle kjønn i Zimbabwe, men jenter har større fråvær enn gutar. Jenter i fattige familiar må ofte hente vatn i skuletida eller dei har lita tid til å gjere lekser heime. Ofte slår reformar skeivt ut, fordi dei ikkje tek omsyn til kvinnene sin situasjon.

Gjennom masterprogrammet skal studentane lære å tenkje sjølvstendig for å motverke gamle kjønnsroller, og overvinne ulike typar diskriminering.

LES OGSÅ: – For menn flest

– Det gjev utteljing å vidareutdanne juristar. Rettshjelparar, sakshandsamarar, dommarar, tilsette i politi og fengselsvesen har ei nøkkelrolle i gjennomføring av lovendringar, seier professor i kvinnerett, Anne Hellum.

Har aldri angra
Bibliotekar Butenschøn Mariri hjelper studentane å finne fram i kvinnerettsamlinga og navigere på Internett.

– Biblioteka i Zimbabwe er viktige som stader der ein kan sitje og lese. Det er berre så synd at mykje av litteraturen er foreldra, og at biblioteka ikkje har råd til å kjøpe noko særleg nytt. Ikkje alle skular har bibliotek – oftast står ein liten kasse bøker innelåst på rektor sitt kontor, fortel ho.

Bibliotekaren meiner sjølv ho har ein spanande og viktig jobb, og seier ho aldri har angra på at ho reiste til Harare.

– Snarare tvert imot, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Mugabe møter mystisk motstand