Slik vil dei kutta klimautsleppa

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre av dei viktigaste tiltaka er eit nytt klima- og energifond, auka CO2-avgift på sokkelen og satsing på kollektivtrafikk.

– Vi legg fram ei offensiv klimamelding. Vi styrkjer verkemidla for å redusere klimagassutsleppa både internasjonalt og i Noreg. Vi er eit av dei landa i verda med mest ambisiøse mål for klimapolitikken. No vil vi forsterke innsatsen, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Regjeringa la i dag fram stortingsmeldinga om klimapolitikken. Klimamåla, slik dei er nedfelt i klimaforliket frå 2008, ligg fast. Tiltaka for å få ned klimagassutsleppa omfattar dei fleste sektorane i Noreg.

Klimafond
Det blir oppretta eit klima- og energifond for å utvikle teknologi som gjev reduserte utslepp.

CO2-avgifta i petroleumsverksemd blir auka med 200 kroner per tonn. Dette vil gje selskapa auka incentiv til å ta i bruk kraft frå land. Regjeringa fremjar òg forslag om å satse meir på kollektivtransport, energivennlege bygg og skogtiltak som opprettheld og aukar opptaket av karbon.

– Vi vil gjennomføre ei langsiktig og framtidsretta omstilling av Noreg til eit samfunn med låge klimagassutslepp. Det skal bli lettare for folk å ta klimavennlege val i kvardagen, og industrien vil få støtte til naudsynt teknologiutvikling. Ei slik omstilling inneber òg at vi må vere innstilt på å gjennomføre nasjonale klimatiltak som er dyrare enn tiltak i utlandet, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

PRØV KLIMAQUIZEN VÅR!

Kollektivtransport
– Denne meldinga vil omstille heile Noreg, alle sektorar, til eit meir klimavennlig samfunn. Vi skal setje i verk tiltak i dei fleste sektorane, i industrien, i bustadane og i samferdselssektoren. Eg meiner aktiv og ansvarleg bruk av naturen kan gje viktige klimabidrag. Eg er difor ekstra glad for at vi no skal ta i bruk det store klimapotensialet som finst i skogen gjennom ein aktiv skogpolitikk, seier Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete.

– Eg er særleg nøgd med at det skal takast eit krafttak for kollektivtransport i dei store byane og at løyvingane til gang- og sykkelvegar skal doblast. Saman med høgare CO2-avgift i petroleumssektoren og satsing på teknologiutvikling gjev det ein offensiv politikk for eit meir klimavennlig Noreg, seier SV-leiar Audun Lysbakken.