– Skulen må bli meir praktisk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

– Eg går sjølv på medielinja. Eg lærer meir om å filma når eg er ute å filmar, enn om eg les om det. Har ein naturfag, er det meir gjevande å gå ut i naturen og læra om han der, seier fungerande leiar i Hordaland Sosialistisk Ungdom, Anne Sofie Bergvall.

Ho viser til at fråfallet er høgast i dei yrkesfaglege studieretningane. På yrkesfagene gjennomfører bare 55 prosent av elevane. Ifølge Fagforbundet har ikkje løyvingane til yrkesfag auka dei siste fem åra, medan studiespesialiserande skular derimot får meir pengar kvart år.

– Urettferdig
– Det er dønn urettferdig at det berre er elevene på studiespesialiserende som er garantert å få fullført videregåande. Me krev at lærlingplass skal vera ein lovfesta rett, og me trenger ei lærlingreform som sikrar alle som treng det, tilbod om lærlingplass, seier Bergvall.

– SV har hatt hand om kunnskapsdepartementet i fem år. Kvifor er ikkje noko gjort før?

– Absolutt. Men me sit i regjering med andre, og prosessane tek lengre tid då.

– Stort samfunnsproblem
I Nord-Noreg er problemet størst. I Troms er det berre kring 60 prosent som fullfører vidaregåande opplæring.

– Fråfall i vidaregåande skule er eit veldig stort samfunnsproblem, seier Anders Kristiansen, nestleiar i Ungdommens Fylkesråd i Troms og aktiv i AUF.

– Kva er årsaka til fråfallet, trur du?

– Det er vanskeleg å seia. Det er mange som ikkje får vitnemålet på grunn av C-språk. Dei gjer det dårleg i tysk eller spansk, medan dei har gode karakterar i andre fag. Når det gjeld yrkesfag bør det bli meir praktisk retta.

– Kva meiner du med det?

– Til dømes bør engelsk tilretteleggast meir. Til dømes bør ein snikkar læra om ord og uttrykk som han treng i jobben. Det er òg klart at ein god del av fråfallet botnar i utdanningsvalet. For å bøta på det, bør ein ha ei betre rådgjevingsteneste som startar tidlegare.

Kristiansen meiner ein òg bør sjå både grunnskule og vidaregåande i samanheng. Vidareutdanning av lærarar og betre elevdemokrati er òg viktig, meiner han.

Faktaboks

68 prosent av alle som byrjar på vidaregåande utdanning gjennomfører med full studiekompetanse eller yrkeskompetanse i løpet av fem år.

På yrkesfaga gjennomfører berre 55 prosent.

Nær halvparten av yrkesfaglege elevar står utan lærlingplass kvart år. Alternativet er då studieførebuande påbygg.