Skuldar Hareid for terroristsamling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulda for terroristsamling

I brevet skriv C. V. Rajapa ved den srilankesiske ambassaden i Oslo at dei har fått kjennskap til at “the Tamil Coordinating Committee (TCC), a Front Organization of the LTTE Terrorist Group” har organisert samlingar fleire plassar i Norge under vignetten “"Maveerar Day".

LES OGSÅ: Ekstremisme og utdanning

– Rekruttere og radikalisere
– Desse samlingane, hevdar ambassaden, er ein del av TCC sitt program for å rekruttere og radikalisere medlemar og samle inn fondsmidlar til bruk mot terrormål.

Ambassaden har fått vite at ei slik terrorist-tilknytt samling er tenkt halden på Hareid ungdomsskule 27. november i år.

Ambassaden uttrykker si djupe bekymring over at ein offentleg samlingsplass blir nytta til radikale  og glorifiserande terroraktivitetar.

LES OGSÅ: PST slår alarm om risikostudentar

"Diabolical objektives"
– For tida har radikalisering av ungdom vore sentralt i norsk debatt, og vi vil setje stor pris på at de såg på dette og tok nødvendige steg for å hindre at skulen blir nytta til slike “diabolical objektives” (djevelske formål).

Brevet er sendt i kopi til Hareid  kommune sin advokat, Bjørn Tømmerdal.

Vil ikkje stoppe samlinga
Ordførar Anders Riise i Hareid seier til Vikebladet Vestposten at dei ikkje kjem til å stanse samlinga. Han forklarer at dette er eit årleg arrangement som lokale tamilar har hatt i mange år. Dei brukar 27. november til å markere dei mange offera etter uroa på Sri Lanka.

– Arrangementet har gått på omgang i Hareid, Skodje, Ålesund og andre kommunar på Sunnmøre, kommenterer Rise.

– PST ville ha varsla viss faren var reell
Han slår fast at det enno ikkje er fred på Sri Lanka, og ser på utspelet frå ambassaden i Oslo som eit utslag av usemjen og det politiske spelet på Sri Lanka.

– Det er nokså spesielt at uro over ei terrorsamling er sendt til ein rektor, og ikkje til kommuneleiing eller politi. Hadde dette vore ei reell sak reknar eg det som sjølvsagt at PST eller Utanriksdepartementet hadde varsla oss. Og det har dei altså ikkje gjort, seier ordføraren i Hareid.

– Rekrutterer ikkje terroristar
Steven Pushparajah, kommunestyremedlem for Høgre i Ulstein, avviser på det sterkaste at samlingane 27. november har tilknyting til nokon terroristorganisasjon.

– Eg har vore med på å arrangere desse minnesamlingane i 15 år. Regjeringa på Sri Lanka prøver å knekke eksiltamilar, stemple oss som terroristar, men det er ikkje tilfelle.

Pushparajah meiner at både militæret på Sri Lanka, presidenten og forsvarsministeren er krigsforbrytarar.

– Vi eksiltamilar ønskjer at dei som ansvarlege for folkemordskal stillast for den internasjonale krigssdomsstolen. Og vi vil vere ein del av den demokratiske prosessen som skjer rundt om i heile verda.

I følgje Pushparajah er 150.000 tamilar blitt drepne i siste fase av krigen.

Sakene var først publisert i Vikebladet.