– Ser problema, ikkje menneska

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Funksjonshemma vil jobba

Det sosiale, det å ikkje få brukt seg sjølv til gode for fellesskapet og mangel på arbeidserfaring, er ifølgje Torunn Brandvold det største tapet ved å stå utanfor arbeidslivet.

30-åringen er styremedlem i Unge Funksjonshemmede og arbeidssøkjande med ei usynleg funksjonshemming.

Det kan vere ei utfordring.

LES OGSÅ: Den ubrukte arbeidsstyrken

Ein av ti arbeidsgjevarar villige
Ho ser frisk og sprek ut, men ein medfødd hjartefeil er ein av grunnane til at ho ikkje har kapasitet til å jobbe fulltid. Difor treng ho ein arbeidsgjevar som er villig til å leggja litt til rette for ho.

Men å få ei redusert stilling har vist seg å vere vanskeleg.

Tidlegare har Brandvold vore i full jobb, mellom anna som barnehagestyrar. Det er ein fordel som langt ifrå alle med nedsett funksjonsevne har. Terskelen inn i arbeidslivet er høg for denne gruppa.

Berre fire av ti unge med nedsett funksjonsevne er i jobb. Det talet har haldt seg stabilt dei siste 20 åra.

Haldningane i arbeidslivet har blitt betre det siste tiåret, men framleis vil berre ein av ti arbeidsgjevarar velje å tilsette ein person med funksjonsnedsettingar, ifølgje Unge funksjonshemmede.

Organisasjonen hang førre veke opp plakatar med meldinga: «Mitt handikap er at eg ikkje har noen jobb å gå til».

LES OGSÅ: Må ha stå på-vilje

Tapte ressursar
Brandvold er med andre ord ikkje åleine om å ikkje få jobb.

– Forutan det økonomiske har me mange nyttige erfaringar med oss. Nokon har mellom anna jobba med å koordinera eigne assistentar. Det er store ressursar som ikkje vert brukt når ein ser problema, ikkje menneska, meiner ho.

Brandvold peikar på at mange arbeidstakarar ein eller annan gong vil kome til å trenge noko tilrettelegging, anten det kjem av eigen sjukdom eller sjukdom i familien.

– Med funksjonshemma veit du kva du får, understrekar 30-åringen frå Vinstra i Gudbrandsdalen.

LES OGSÅ: – BPA kan bli revolusjon

Dilemmaet
For mange med ei usynleg funksjonshemming er det eit dilemma om kor open ein skal vere om problema.

Torunn Brandvold har lagt seg på ei mest mogleg open linje, der ho fortel om hjartefeilen allereie i søknaden.

Ho har erfart at god kommunikasjon er ekstra viktig når ein treng tilrettelegging.

Ho vel å fokusera på det positive.

LES OGSÅ: – Funksjonshindra vert diskriminert

Får ikkje jobb
Etter førskulelærarutdanninga har Brandvold omskulert seg og søkjer jobbar innan administrasjon og leiing. Det har resultert i eit årsvikariat hjå Fagforbundet Oppland, som diverre tok slutt.

Dei to siste åra har ho søkt kring 50 jobbar i Lillehammer-området, der ho er busett. Det har resultert i nokre intervju.

På ein konferanse hjå Likestillingsombudet fortalde ho om si dårlegaste intervjuerfaring. Gudbrandsdølen kom på intervju til ei sekretærstilling i ei statleg bedrift, som hadde presisert i utlysningsteksta at dei ville leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Då ho fortalde at ho ikkje kunne jobba fullt gjekk stemninga frå å vere god, til at ho følte at dei bare ville bli ferdige.

– Då eg spurde om korleis dei såg på det at eg ikkje kunne jobbe fullt, fekk eg til svar at det ikkje var særleg positivt, men dei ikkje kunne seie om det var diskvalifiserande for min søknad enno, fortalde 30-åringen.

Den jobben fekk ho ikkje.

LES OGSÅ: Etterlyser fleire støttekontaktar

Deltidsjobbar
– Både regjering og arbeidsliv må ta diskusjonen om kva som skal til for å skape deltidsjobbar, slik at fleire får brukt sin arbeidsevne, seier generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Lars Rottem Krangnes, i ei pressemelding.

Organisasjonen etterlyser mellom anna fleire tiltak for å kvalifisere ungdomar med funksjonsnedsettingar.

– Me opererer mellom anna med avgrensingar i støtte til utdanning og smålege tilretteleggingstilskot for lærlingar. Dette er barrierar for unge som vil jobbe, seier Krangnes.

LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor

NAV-verktyet
Brandvold etterlyser meir tilrettelegging og midlar frå NAV slik at arbeidsgjevaren ikkje treng å frykta økonomiske belastningar når dei tilset arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne. Det handlar om å kome inn på like vilkår som andre arbeidstakarar.

I tillegg meiner ho at jobbstrategi og praksisplassar gjennom NAV er viktig for å kome seg inn i arbeidslivet.

Rapporten The NAVigator, som Unge funksjonshemmede lanserte i fjor, viser at mange lokale NAV-kontor oppnår gode resultat. Problemet er at ordningane ofte er prosjektbasert, og kunnskapen forsvinn når prosjektet er over.

LES OGSÅ: Funksjonshemma fell ofte utanfor i gymmen

Statssynd
Både arbeidslivet og dei offentlege hjelpetiltaka har med andre ord ein veg å gå, for å få fleire unge funksjonshemma ut i jobb.

– Det er spesielt synd at ikkje staten og kommunane går føre med eit godt eksempel, avsluttar Brandvold.