Etterlyser fleire unge støttekontaktar

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjer det ikkje for pengane

– Ho eine eg er støttekontakt for er veldig redd for dyr. Når eg ser at ho likevel tør å halde rundt i hunden min og eg ser at ho er trygg, så synest eg at eg har oppnådd veldig mykje, seier Vilde Hamre (18). Ho ei av tre unge støttekontaktar som framtida.no møter på Voss. Vi ynskjer å vite kvifor dei har valt å vere støttekontaktar og om dette er noko dei kan anbefale til andre unge.

Hamre er sjølv støttekontakt for sju ungdommar i alderen ti til 15 år.

– Eg har ein slektning som er psykisk sjuk og såg at det var trong for hjelp. Eg er ikkje støttekontakt for penganes skuld, men eg synest det er ekstremt kjekt å kunne få hjelpe nokon som slit litt. 

LES OGSÅ: Einsemd blant unge eit stort problem

Byggjer tillit

Ho bruker å gjere ulike aktiviteter saman med ungdomane, alt frå riding til skikøyring.

– Du har fridom til å gjere det du likar og lære vekk det du kan. Samstundes er det et mål å bygge opp tillit mellom deg og den du er støttekontakt for. Vedkommande kjem då kanskje til deg og pratar om ting dei ikkje har ynskja å seie noko om til andre, fortel ho.

Sara Borch Atterås (17) byrja som støttekontakt for eit halvt år sida. Ho ynskja seg ein jobb som kunne vere meiningsfull.

– Eg kom over ein plakat på skulen der dei søkte etter støttekontaktar. No er eg støttekontakt for ei jente som er nokre år eldre enn meg.  

Saman har dei to mellom anna gått på kino, vore på treningssenteret eller sett film i lag.

– Når vi ler saman, er det veldig fint. Då merkar eg at vi har klart å skape eit band, som mellom venninner, seier Atterås.

Dinah Varberg Sabri hadde lenge tenkt på å verte støttekontakt, men hadde ikkje tid under studiane. No er ho støttekontakt for to, mellom anna ei eldre kvinne.

– Eg synest det er veldig givande og kjekt å kunne ha ein slik jobb. Eg trivst med å jobbe med folk, fortel ho.

LES OGSÅ:Året som gav meining

– Viktige brubyggjarar

I 2012 var det nær 30.000 mottakarar av støttekontakt i Noreg. 6300 personer under 17 år hadde støttekontakt.

Voss kommune har 110 støttekontaktar og treningskontaktar. Myrna Dral er koordinator for desse tilboda i Voss. Ho fortel at dei har ein stor trong for unge støttekontaktar.

– Støttekontaktane er viktige ”brubyggjarar” for born og ungdom. Unge støttekontaktar kan bryte gjennom situasjonar som born og ungdom kan oppleve som skremmande eller trugande.

Ho meiner unge har ein fordel ved å ha eit meir opent syn når det gjelder sosiale samanhengar, og forklarar:

– Dei unge støttekontaktane tør ta ein sjanse når det gjeld aktivitetar og forbausande flinke til å setje realistiske grenser der det trengs. Det er òg viktig for ungdommane sjølve å vere støttekontakt fordi det gir kunnskap om korleis andre har det, som ein elles ikkje får.

Før unge melder si interesse for å vere støttekontakt, ber Dral dei om å tenkje gjennom følgjande.

– Ein må kunne binde seg for minst eit år framover og ein må vere påliteleg.

Trioen som allereie er støttekontaktar, har følgjande råd til unge som lurer på om dette kan vere noko for dei:

– Ein må vere bevisst på at du kan gi av deg sjølve og tørre å gå utanfor dine eigne komfortsoner. Det er ein kjempekjekk jobb som dei fleste kan klare så lenge ein likar å jobbe med folk. Og ikkje minst – ein får seg ein venn for livet.

LES OGSÅ: Vetle kan gi deg nye vener