Rekordmange i bustadkø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fredag stod 15 626 studentar i kø for å få studentbustad. Det er det høgste talet NSO nokon gong har målt, og meir en 1000 fleire enn den same dagen i fjor, seier Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til Universitas.

Berre i Oslo stod 3529 studentar i bustadkø då tala vart samla inn. Det er 80 fleire enn på same tid i fjor, trass i at Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har bygd 600 nye studentbustader det siste året.

– Regjeringa har gått til val på å byggja fleire studentbustader. Me forventar at dei skal oppfylla det dei sjølve har gått til val på. Samskipnadene er klare til å byggja meir, men manglar tilskotet som trengst for å kunna starta bygginga, seier Langset.

NSO krev minst 3000 studentbustader i statsbudsjettet i haust.

Les også: Flest boliger til Oslo-studentene

Lause lovnader
Leiar for Velferdstinget i Oslo og Akershus, og for tida husvert for vennen Monica Haugen (se sidesak), Kaia Marie Rosseland, er samd med NSO-leiaren.

– Dekningsgraden går nedover, leigeprisane på den private marknaden går oppover, og studentøkonomien går nedover. Det er uheldig. Om ein hadde hatt ein dekningsgrad på 20 prosent ville det òg ha redusert presset i den private marknaden, og gjort det lettare også for andre studentar, seier Rosseland.

Også ho håpar at regjeringa no tek bustadsituasjonen for studentar på alvor.

– Eg håpar dei vil setja bustadsituasjonen meir på dagsorden og realisera det dei har sagt.

Når ein har ei Høgre-regjering som ynskjer å satsa på kunnskap håpar eg dei ser at rimelege bustader er ein føresetnad for prinsippet om lik rett til utdanning. Alle må ha råd til å studera, seier no.

LES OGSÅ: Student på hybeljakt?

Prioriteringsspørsmål
Bjørn Haugstad (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD), meiner at bustadsituasjonen ved studiestart er slik han brukar å vera, altså ikkje god nok.

– For mange står i kø utan ein stad å bu til ein fornuftig penge. Det har me gjort noko med og det vil me gjera meir med, seier han.

Når han får høyra om den rekordlange bustadkøen som no er eit faktum, har han dette å seia:

– Dette viser at det framleis er behov for å byggja studentbustader. Det har vore bygd ganske mykje dei sisteåra, men talet på studentar aukar òg. Me er samde med NSO og samskipnadene i at det framleis er store udekte behov.

Samstundes meiner han at det finst moglegheiter for å finna bustader til ein grei pris på den private marknaden. Han kjem og med eit lett spark til studentar som insisterer på å bu midt i byen.

– Litt reiseavstand gjer det nok enklare å finna noko til ein rimeleg penge. For ein del vil nok det å flytta seg vekk frå Grünerløkka, Frogner og Majorstua kunna gjera det enklare å finna seg tak over hovudet.

LES OGSÅ: Kjøper million-leilegheiter til barna

Fagre løfter
Framfor Stortingsvalet i fjor haust samla Universitas inn partia sine måltal for bygging av nye studentbustader. Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet gjekk inn for høvesvis 3000 og 2000 nye bustader i året.

I sitt første statsbudsjett løyvde regjeringa Solberg likevel ikkje pengar til meir en 1259 nye krypinn.

Haugstad er ikkje kjend med valløftet hans eige parti kom med i Universitas i fjor, og vil heller ikkje lova å innfri det.

– Me meiner at betre studentvelferd er viktig for at fleire studentar skal kunna konsentrera seg meir om studia. Men det er mange tiltak å setja i verk, og me må balansera studentbustader mot andre prioriteringar, slik som auka studiestønad og meir midlar til forsking, seier han.

LES OGSÅ: Studentar går kraftig i minus

Stadig trangere kår
Ei undersøking Nordea nyleg offentleggjorde synte at prisane på den private leigemarknaden har stige med 1000 kroner i månaden – berre det siste året. Langset i NSO meiner det er ei viktig årsak til at stadig fleire ynskjer seg ein studentbustad.

– Det viser at det er enno vanskelegare enn nokon gong før for studentar å finna ein bustad som dei har råd til å betala for, seier han.

I snitt går 74 prosent av studiestønaden no til å dekkja buutgifer.

– Det gjer at dei aller fleste studentane må jobba ved sida av studia, og mange må jobba så mykje at me fryktar det går utover studiekvaliteten, sidan studentane ikkje får tid nok til å vera studentar, seier Langset.

Han påpeikar at studentsamskipnadene ikkje har profitt som føremål, og dermed bidreg til å halda prisane nede. NSO meiner ein bør byggja bustader så 20 prosent av nye studentar kan få tilbod om studentbustad. Per i dag er dekningsgraden 13,83 prosent.

Saka var først publisert i Universitas.