Produksjonsrekord av vindkraft i fjor

Ved utgangen av 2014 var 856 MW vindkraft i drift i Noreg. Gjennom året vart 2014 vart det sett i drift 45 MW ny vindkraft.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vindkraftrekord i fjor

Auka kapasitet førte til ny produksjonsrekord på 2,2 TWh, tilsvarande 1,5 prosent av Noregs totale kraftproduksjon i fjor, fortel Noregs vassdrags- og energidirektorat.

LES OGSÅ: Vanskeleg å få vindkraft til å lønna seg

Det var markante geografiske forskjellar i vindforholda i 2014. For norske vindkraftverk sett under eitt var den såkalla produksjonsindeksen på 101,5 prosent. Det betyr at vindkraftproduksjonen i 2014 var om lag 1,5 prosent høgare enn normalforventninga, gitt vindforholda.

Brukstida for vindkraft i Noreg som heilskap var 2.701 fullasttimar.

Det betyr at vindkraftturbinane i snitt var i drift 31 prosent av året. Dette er nær rekorden frå 2011 som var på 2.737 fullasttimar. Høgste brukstid hadde Høg-Jæren vindkraftverk, med 3.574 fullasttimar. (©NPK)

LES OGSÅ: Statoil vil utvikla Europas største flytande vindpark