Over halvparten av kommunane i gang med reform

Godt over halvparten av kommunane i landet er i gang med samtalar om samanslåing med ein eller fleire naboar. Det første vedtaket om samanslåing kan komme i februar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten i gang med reform

Først i løypa er Sandefjord, Andebu og Stokke. Fredag signerte ordførarane i dei tre Vestfold-kommunane utgreiinga om å slå seg saman.

Kommunestyra får forslaget til behandling tidleg neste år. Seier alle tre ja, kjem samanslåinga på bordet til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i februar 2015.

– Då ligg det an til eit vedtak om samanslåing før sommaren, seier Sanner til NTB.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha folkeavstemming om kommunesamanslåing

– Overmoden reform
Ei oppteljing Kommunal Rapport gjorde for nokre veker sidan, viste at 214 kommunar har vedteke eller er i gang med å greie ut kommunestrukturen, medan 33 kommunar var ferdig greidd ut.

– Dette viser at kommunereforma var overmoden, seier Sanner.

Han meiner at lokalpolitikarar landet rundt no «tek leiarskap og viser ansvar». Det handlar om å ta vare på velferdsstaten i framtida.

LES OGSÅ: Foreslår Sogn og Fjordane som ein kommune

Lokaldemokrati
Sanner erkjenner at det er delte meiningar om delar av kommunereforma, sjølv om han meiner det er brei tilslutning om hovudlinjene.

– Vi har Senterparti-ordførarar som er pådrivarar for samanslåing, og eg kjenner Høgre-ordførarar som held igjen. Reforma handlar ikkje om partipolitikk. Dette er lokaldemokrati, seier han.

Lokaldemokrati er også tema for ein rettleiar som Kompetansesenter for distriktsutvikling har fått i oppdrag av Sanner å lage.

– Vi veit at mange lokalpolitikarar er frustrerte, fordi dei opplever å ha liten innverknad. Rettleiaren skal samle forslag til gode tiltak og råd for å styrke lokaldemokratiet gjennom reforma, seier Sanner. (©NPK)

LES OGSÅ: – Samanslåingar skviser nynorsken