Ønskjer meir nynorsk pensum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tvert om, går det fram av Kunnskapsdepartementets svar på Utdanningsdirektoratets omdiskuterte innspel om å tone ned sidemålsopplæringa i skolen.

Departementet går rett nok inn for å styrkje hovudmålsopplæringa og ber direktoratet drøfte ei eventuell omlegging av karakter- og eksamensordninga i høringsbrevet til den nye læreplanen, som skal vere klar til hausten.

Men det betyr ikkje at bokmålselevar kan rekne med å sleppe nynorsk.

– Departementet legg til grunn at alle elevar skal lese eit auka omfang av tekstar på nynorsk i heile grunnopplæringa, og at det framleis skal vere opplæring i skriftleg sidemål på ungdomstrinnet og i den vidaregåande opplæringa, skriv departementet i brevet, som vart sendt

Utdanningsdirektoratet onsdag.

– Viktig med nynorsk
Det blir òg streka under at læreplanen framleis må leggje vekt på den plassen nynorsken har i norsk kultur- og samfunnsliv.

LES OGSÅ: Lever lengre i nynorskland

– I formålet for norskfaget må direktoratet òg grunngi kvifor opplæring i sidemål og kunnskap om nynorsk er viktig for alle elevar, heiter det i brevet.

Men kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner samtidig at ei større vektlegging av hovudmålsopplæringa er nødvendig viss vi skal klare å stoppe fråfallet av nynorskelevar i vidaregåande skole. Berre 6,7 prosent av elevane på studieførebuande utdanningsprogram Vg3 hadde nynorsk som hovudmål i 2011.

– Om vi ikkje gjer ein del endringar, er eg redd for at nynorsk som hovudmål forsvinn, seier Halvorsen.

– Eg er villig til å høre på alle gode framlegg som kan gjere norskfaget betre, og som kan løfte nynorsken opp og fram. Eg inviterer derfor til ein open og god dialog med både organisasjonar og einskildpersonar, seier ho.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Ho legg elles stor vekt på at det først etter høringsrunden blir klart korleis det nye norskfaget blir.

Forum for norskfaget
I brevet frå departementet blir også Utdanningsdirektoratet bedt om å sjå nærare på framlegga frå Forum for norskfaget, som har vore meir skeptisk til å fjerne sidemålskarakteren, men utan å avvise det heilt.

– Forumet vurderer det slik at dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa, skreiv forumet i delrapporten sin om revisjonen av læreplanen i fjor haust. (©NPK)

Les siste nytt i sidemålssaka her!

Korleis meiner du norskfaget kan bli betre i skulen?