Økonomen spår brutal krise i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei globale økonomiske realitetane er i ferd med å manifestere seg i norsk økonomi. Kvar veke forsvinn det nye oljerelaterte jobbar, og norske industriverksemder melder om mørke skyer på himmelen. Men kor alvorleg kan denne krisen eigentleg bli for Noreg på lang sikt?

For å svare på dette spørsmålet har Uten Filter invitert Christian Anton Smedshaug. Til vanleg jobbar Smedshaug som dagleg leiar i AgriAnalyse, men er også kjent som økonom og forfattar av boka «Gjeld. Hvordan Vesten lurte seg selv». Smedshaug var ein av svært få nordmenn som klarte å spå finanskrisa i 2008.

– Me er diverre i den situasjonen at ingen av dei grunnleggande problema som skapte krisen i 2008 er løyst. Me tviheld på gamle løysingar utan å erkjenne dei feila som vart gjort, seier Smedshaug.

LES OGSÅ: Islandske lærepengar

Sidan det ikkje vart noko bratt økonomisk nedtur i 2008, meiner han krisen som no kjem vil bli desto større.

– Etter krisen i 2008 burde me ha fått mange konkursar og ansvarleggjering av dei som hadde gjort grove økonomiske feil. Men det har me ikkje fått. Tvert i mot har me fått ein situasjon der me er i ferd med å la kreditten øydelegge nasjonen.

Han viser til at Noreg no er verdas tredje mest forgjelda land, og at befolkninga difor vil bli veldig sårbar for ein økonomisk nedtur.

– Den økonomiske fleksibiliteten til norske hushaldningar er veldig lav. Faresignala er svært sterke etter mitt skjønn.

– Noreg står framfor ein svært brutal nedtur, på grunn av kombinasjonen sterk forgjelding, høg bustadsektor og stor råvareavhengighet. Det er historisk sett typisk situasjoner som fører til ganske store nedturar, seier Smedshaug, som spår ein dobling av arbeidsløysa i Noreg.

LES OGSÅ: Mot flyktningstraumen

Høyr heile intervjuet her:

Smedshaug held no på med ei ny bok som handlar om velferdsstatens utvikling i Europa etter 2. verdskrig.

Høyr også episoden 3 av Uten Filter, med siviløkonom Hans Jørgen Lysglimt, som også handlar om den økonomiske krisen.

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.