Nynorskløft på Venstres landsmøte

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I byrjinga av mars debatterte landstyret i Venstre nytt partiprogram. Då kom stortingspresentant for Venstre Sveinung Rotevatn og styremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar for byrådet i Bergen, Peder Lofnes Hauge med lovnad om eit nynorskløft

I tillegg til å halde fram med eigen karakter i sidemål, ønskte dei seg meir sidemål og tidlegare start med sidemålsopplæring i skulen.

I helga fekk dei med seg partiet sitt på ei styrking av sidemålsordninga.

– Venstre går no inn for ei ambisiøs styrking av sidemålsordninga. Vi vil framleis ha eigen sidemålskarakter, vi vil at opplæringa skal begynne tidlegare og vi vil styrke nynorskdidaktikken i lærarutdanninga, seier stortingsrepresent frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Venstre vil avlysa 24. konsesjonsrunde

Nynorsk i andre fag
Landsmøtet går i tillegg inn for ei prøveordning der elevane får møte nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde, og at barnehagar skal få nynorske bøker og lydbøker.

– Norske elevar må få møte meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar, seier Rotevatn.

Venstres landsmøte vedtok også at NRK skal bruke 25 prosent nynorsk på alle plattformer, mot dagens nynorskkrav i verbalinnslag i radio og fjernsyn, og vil sikre støtte til Det norske teatret i Oslo som brukar nynorske tekstar på scena.

Landsmøte søndag
Peder Lofnes Hauge er politisk rådgjevar for byrådet i Bergen og styremedlem i Noregs Mållag. Foto: Venstre/Flickr

Les meir om #politikk

Faktaboks

Her er nynorsk-vedtaka frå Venstres landsmøte:

Framleis eigen sidemålskarakter

Tidlegare start med sidemål

Styrke nynorskdidaktikken i lærarutdanninga

25 % nynorsk i NRK – også på nett

Nynorske bøker og lydbøker i barnehagane

Nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde

Støtte til Det norske teatret