Ny utdanning i naturguiding

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

Til hausten vert det oppretta naturguideutdanning i Volda. Årsstudiet er retta mot personar som driv eller ynskjer å starte naturguiding som eiga nøring eller å kvalifisere seg til arbeid hjå eksisterande reiselivsaktørar.

– Det kjem stadig fleire utanlandske turistar til vårt område. På mine eigne vårturar har eg møtte fleire slike grupper med utanlandsk guide. Dette gjer at vi trur at det er ein marknad for det, seier Sætre.

Hovudorganisasjonen Virke, som organiserer reiselivet i Noreg, har arbeidd for å få inn kvalitetssikring på guiding i Noreg.

– Det gjeld ikkje berre guideverksemd i fjellet, men i det store og det heile. Det har vorte etablert eit bransjeforum innanfor Virke, og dei skal arbeide for å prøve å få på plass ei kvalitetssikring, seier Ola Einang ved Høgskulen i Volda som har vore med i arbeidet med Virke.

I tillegg til naturguideutdanning i Volda er det etablert ei utdanning ved Finnmarksfakultetet som Einang og er involvert i.

– Vi har teke mykje av tenkinga ved Artic Nature Guide på Svalbard med hit ned.

– Det å vere tidleg ute, etablere seg og skaffe seg erfaringar er ein stor fordel, seier Sætre.

LES OGSÅ: Gründer på fottur 

Interessa for dei tjue plassane i naturguideutdanninga er allereie stor, og i februar hadde tretten studentar sett lina som primærval. For å kome inn på det nystarta tilbodet vert det og stilt krav til søkjarane.

– Eit vilkår er at dei har bakgrunn frå norske friluftsliv, og før dei lærer å ta vare på andre må dei kunne ta vare på seg sjølv, seier Einang.

Sætre og Einang har allereie hatt møte med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og skal samarbeide med reiselivet.

– Det er interessant å sjå at reiselivet ser dei same teikna som vi ser. Mange av dei som kjem hit vil berre ha ein smakebit av fjellområde våre. Sunnmørsalpane er på ein måte eit nisjeprodukt for dei som har erfaring, men det store volumet av turistar vil gjerne ha litt enklare turar.