Norske utvekslingsstudentar vel engelsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel engelsk i utlandet

Angloamerikanske land er populære blant norske studentar som tek ein del av utdanninga si utanlands, viser tal frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Dei tre mest attraktive landa er USA, Australia og Storbritannia.

Samtidig kjem det dobbelt så mange Erasmus-studentar til Noreg frå Europa som andre vegen. Norske delstudentar reiser helst til andre verdsdelar. Seniorrådgivar på SIU, Dag Stenvoll, trur dette heng saman med at norske studentar har betre råd og fleire finansieringsmoglegheiter enn tilreisande studentar.

LES OGSÅ: – Meir inkluderande lærarar her

– Lånekassa gir økonomisk fridom til å reise til land utanfor Europa gjennom støtte til skulepengar og anna. Andre europeiske studentar er i større grad avhengige av støtte frå foreldra eller program som Erasmus, seier Stenvoll.

Blant dei studentane som tek heile utdanninga si i utlandet, er biletet annleis, viser rapporten. Heile fire av fem norske studentar reiser då til europeiske land. Dei fleste vel land der dei kan studere på engelsk eller skandinavisk, som Storbritannia og Danmark, men USA er populært også i denne gruppa. (©NPK)

LES MEIR OM STUDIAR OG JOBB I UTLANDET!