Noreg fjerde best på integrering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjerde best på integrering

Canada, Finland og New Zealand ligg framfor Noreg på lista, som består av 38 land. Førre gong Norge vart vurdert på indeksen, var i 2011. Då vart Noreg rangert på sjuande plass blant 31 land, skriv Vårt Land.

MIPEX dekkjer 167 ulike indikatorar og åtte politiske område som påverkar korleis ein innvandrar går frå å vere nykommar til statsborgar. Undersøkinga måler stort sett kva for lover og reglar som gjeld, og kva for moglegheiter innvandrarane har.

Noreg får ros for introduksjonsprogrammet for innvandrarar og for at innvandrarar kan delta politisk i det norske samfunnet. Samtidig får Noreg kritikk for streng familiegjenforeiningspolitikk og høg terskel for å bli norsk statsborger.

Det blir også peika på at fleire innvandrarar er overkvalifiserte til jobbane dei får. Vidare får Noreg minus for at Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene (KIM) vart lagt ned i fjor.

Institutt for samfunnsforskning (ISF) har stått for rapporteringa frå Noreg. Undersøkinga er publisert av Migration Policy Group og Barcelona Centre for International Affairs. (©NPK)