Nordmenn reiser meir kollektivt enn nokon gong før

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir kollektivt enn nokon gong før

Det vart registrert over 600 millionar kollektivreiser i 2015, det er meir enn nokon gong før og ein auke på snaue 5 prosent frå året før.

Alle transportformer hadde vekst, men passasjerbåt vart vinnaren med 10 prosent fleire påstigingar enn i 2014, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Passasjerauken kjem trass i reduserte busstilbod. Sidan 2010 har både båt og bane hatt ein passasjervekst på 27– 28 prosent, mens bussnæringa har måtta nøye seg med omtrent det halve.

Billettinntektene har i same tidsperiode auka med 29 prosent samla sett og for dei skjenegåande transportmidla med heile 48,2 prosent.

Det vart i 2015 betalt 1,7 milliardar kroner meir for 234 millionar reiser med bane, enn for 356 millionar bussreiser. (©NPK)