No kan dei dyrka organ

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skotske forskarar har grodd fram ein brissel i ei mus, skriv Science Alert. Det er eit gjennombrot som kan bety mykje for organtransplantasjon hos menneske, skriv dei.

LES OGSÅ: Hjernecelle forklarar dårleg søvn

Immunforsvaret
Brisselen, eller thymus som den og blir kalla, er eit organ som ligg nær hjertet og skil ut T-celler som er viktige for immunforsvaret.

Forskarane ved Universitetet i Edinburgh tok ei gruppe celler frå eit museembryo, sette det i ei fullvaksen mus – og grodde fram ein brissel.

Brissel var velfungerande – den skilte og ut T-celler som den skulle.

LES OGSÅ: Ebola-pasientar kurert

Heilag gral
Professor Clare Blackburn ved Universitetet i Edinburg leia forskargruppa, og sa til The Guardian at å gro fram eit organ på denne måten er den heilage gral for forskarmiljøet, men at storleik og kompleksitet for lab-dyrka organ så langt har vore begrensa.

LES OGSÅ: Forskar: Her er den beste pizza-osten