No blir det berre 30 postkontor att
Posten legg om 149 postkontor til Post i Butikk, etter at Stortinget har gjeve klarsignal for dette. Når endringa er gjennomført, vil det vere 30 postkontor og rundt 1400 Post i Butikk i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre 30 blir igjen i Noreg
Posten legg om 149 postkontor til Post i Butikk, etter at Stortinget har gjeve klarsignal for dette. Når endringa er gjennomført, vil det vere 30 postkontor og rundt 1400 Post i Butikk i Noreg.
Prosessen med å førebu omlegging av postkontor startar no. Gjennomføringa vil finne stad i 2013 og 2014.
Kun fire fylke beheld meir enn eitt postkontor, sjå lista over postkontor som blir oppretthalde.
Tilpassast behova til kundane
Færre sendar fysiske brev, medan pakkevolumet veks som følgje av økt netthandel. Folk flest har teke i bruk nettbank, og nytta av manuelle banktenester på postkontora har falle meir enn 90 prosent dei siste 20 åra. Denne utviklinga har ført til at færre vitjar postkontora. Dei siste 10 åra har over 700 postkontor vorte lagt om til Post i Butikk.
– Endra kundebehov gjer at Posten må tilpasse seg. Post i Butikk gjev eit tenestetilbud som er godt tilpassa behova til kundane for lange åpningstider, seier konsernsjef Dag Mejdell i Posten Noreg.
Gode omstillingsprosessar
Omlegginga vil røre om lag 1000 tilsette ved postkontora. Posten har lang røynsle og etablerte avtaler med fagforeiningane slik at omstillingene ivaretek interessene til arbeidarane på ein best mogleg måte.
– Det er ei utfordring at mange av våre dugelege og lojale medarbeidere blir påverka, men endringar er naudsynt. Vi har eit godt samarbeid med fagforeiningane og gode røynsler frå tidlegare omstillingsprosessar. Eg er oppteke av forutsigbare prosessar og at vi tilrettelegg best mogleg for å finne gode løysingar for den einskilde, siar Mejdell.
Behova til bedriftskundane viktig
Når Posten har vurdert kva for postkontor som skal leggjast om til Post i Butikk har omsynet til bedriftskundane vore ein viktig faktor.
– Bedriftskundene har størst behov for tenestene som blir utført ved postkontora. Dei fleste postkontora som blir lagt ned, vil bli erstatta med ein Post i Butikk, men i nokre tilfelle vil det vere aktuelt å opprette fleire Post i Butikk, seier Mejdell.
Banktenester
Avtalen Posten har med DnB om å tilby banktenester blir i første omgangen ikkje endra, sjølv om Stortinget har vedteke at Posten si bankplikt blir avgrensa til å omfatte landpostnettet.