Ni av ti kinofilmar kjem frå USA og Europa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

84 av 90 nye filmar så langt i år er amerikanske eller europeiske. I fjor var 19 av 211 filmar frå andre verdsdelar. Det vil seia at under ti prosent av filmane på norske kinoar kjem frå land der 90 prosent av folkesetnaden bur.

– Me er veldig vande med engelsk språk i Noreg, men ikkje så vande med andre språk. Mange vel minste motstands veg, seier programsjefen ved Bergen Kino, Stein Sørensen.

LES OGSÅ: Ha det bra, Hollywood!

– Monopol
Stein Sørensen meiner hovudgrunnen til at så mykje engelskspråkleg film blir spreidd er dei mange amerikanske distribusjonskanalane.

– Dei har nesten monopol. Chaplin oppdaga det tidleg. Alt er eit spørsmål om distribusjon. Det gjer at uansett kva slags skit dei lagar der borte, så blir det spreidd. Det er hovudgrunnen til at det ikkje er fleire framandspråklege filmar, seier han til Framtida.no.

– Men det er jo du som bestemmer kva som skal setjast opp i Bergen?

– Ja, men me har jo eit budsjett og tilsette som skal ha løn. Me må jo visa det folk vil sjå – men me forsøker å gjera programmet vårt meir interessant enn det.

Stein Sørensen sit sjølv i Garantiutvalet som gir garanti til distribusjon av kvalitetsfilmar. Vel 30 filmar får støtte frå denne ordninga kvart år, mellom dei fleire filmar frå resten av verda.

LES OGSÅ: Krev filmtekst på begge måla

Før lo folk av franske filmar
Den engelskspråklege dominansen har ikkje vore slik alltid.

– Før hadde ikkje språket så mykje å seia, då måtte me uansett lesa undertekstane, seier Stein Sørensen og legg til:

– Eg er så gamal at eg har opplevd at folk gjekk på franske komediar og det var latter i salen.

Kinosjef i Førde, Torhild Vie, seier til Framtida.no at dei viser ein god del smalare filmar i Førde.

– Me tenkjer kvalitetsfilm, ikkje så mykje kvar dei kjem ifrå, seier ho og nemner at dei tidlegare i år viste den japanske animasjonsfilmen Marnie – min hemmelege venninne.

Les siste filmnytt her!

Mest besøkte filmar frå reste
reste av verda i 2015:

 

 

Film

Besøk

Land

Mad Max: Fury Road

142 982

Australia

Chihiro og heksene

20 011

Japan

Taxi Teheran

13 979

Iran

Leviatan

13 760

Russland

Wild Tales

9 588

Argentina