Navarsete fryktar sentralisering av politiet
Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete åtvarar regjeringa mot å sentralisere politiet og peikar på at lennsmannskontoret i Årdal er truga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtvarar mot sentralisering
I Årdal, der tre personar vart drepne måndag, kan lensmannskontoret forsvinne, fryktar Liv Signe Navarsete.
– Viss lensmannskontoret i Årdal hadde hatt vaktberedskap, kunne dei ha komme til åstaden på 20 minutt, seier Navarsete til Klassekampen.
LES OGSÅ: Rekordmange vil bli politi
Vil gje fleire vaktberedskap
Trippeldrapssaka måndag viser kva som står på spel, meiner ho, og viser til framlegget i politianalysen om ei omfattande sentralisering av politiet i Noreg.
Analysen legg opp til å kutte 144 lensmannskontor, blant dei kontoret i Årdal. Navarsete ønskjer det motsette: at små kontor får større ressursar til å handtere hendingar på eiga hand.
– Vi står overfor eit stort val. Enten må vi sentralisere, slik politianalysen foreslår, eller så må vi gi fleire lokale lensmannskontor vaktberedskap. I Senterpartiet ønskjer vi det siste, seier Navarsete.
Ho ønskjer ikkje å kritisere politiet etter Årdal-drapa, men meiner at det lokale politiet kunne ha komme raskare fram viss politikarane hadde organisert dette annleis.
LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi
Krever responstid
Geografiske skilnader gjer at politipatruljar i bil på Austlandet har kort veg i tettbygde område, men i Sogn og Fjordane er avstandane så store at det er trong for eit sterkt politi med forankring der folk bur, meiner ho.
I Stortingets spørjetime onsdag kommenterte statsminister Erna Solberg (H) spørsmål om krav til responstid for politiet. Kristeleg Folkeparti-leiar Knut Arild Hareide slo fast at det er nødvendig å innføre responstid for politiet. Solberg sa til NTB at responstid krev både ressursar og menneske, og at eit slikt krav i så fall må vere geografisk differensiert.