Partileiarar: – Me sit her til politiet løftar oss vekk
Ungdomspartileiarar protesterer mot sjødeponi i Førdefjorden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag ettermiddag sit leiarane for Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom og Grøn Ungdom lenkja fast i anleggsmaskinene oppe på Engebøfjellet, og har ikkje planar om å flytta seg.
– Eg ventar på å bli arrestert. Eg lenkjer meg for fjorden, fisken og framtida, seier leiar i Raud Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen.
– Me meiner miljøkriminaliteten det er å dumpa gruveslam i fjorden, er større enn kriminaliteten det er å sitja lenkja fast her, legg ho til.
Nicholas Wilkinson, leiar i Sosialistisk Ungdom, er samd:
– Verdien av ein rein fjord kan ikkje målast i pengar, slår han fast.
– Økonomi kan ikkje overstyra økologi i all overskodeleg framtid, det må vera liv i Førdefjorden, seier Lage Nøst, nasjonal talsperson i Grøn Ungdom.
Politiet hadde ikkje kome då Framtida.no snakka med dei i 15.30-tida.
– Viss politiet kjem, så sit me her til dei løftar oss vekk, seier Nøst.
Partileiarane er budde på å betala ei bot etter at politiet har henta dei.
– Eg meiner sivil ulydigheit må vera ei legitim aksjonsform som ein siste utveg når politikken heng etter, seier Nøst.
LES OGSÅ: Større bøter enn venta for aksjonistane
Krabbar og banner
Ungdomspartileiarane kom tidlegare i dag til Vevring i Sogn og Fjordane for å visa støtte til aksjonistane på Engebøfjellet.
Først blei dei tatt med ut på på fisketur av to lokale for å oppleva kva fjorden har å by på. Ungdomspartileiarane halte opp fire krabber, som dei tok med seg i land. Der møtte aksjonistane dei med banner og slagord.
– Eg er her for å protestera mot det som skal føregå her, øydeleggingar av verdifull natur, seier Mani Hussaini i ei pressemelding.
AUF-leiaren møtte opp tidlegare i dag for å støtta aksjonistane, men er ikkje blant dei som no sit lenkja fast.
Glad leiar i Natur og Ungdom
Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, aksjonerer òg. Ho er glad for at dei har kome for å visa støtta si til ein rein Førdefjord.
– Dette viser at det er mange som bryr seg om saka på tvers av partilinjer. Ein miljøpolitikk som tar vare på matfatet vårt er noko alle kan vera med å kjempa for, uavhengig av politisk standpunkt.
LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane