Når havet lokkar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Havet er på mange måtar feminint, det er ekstremt fruktbart, seier Morten A. Strøksnes.

Forfattaren var redd for at folk skal tru at «Havboka – eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider» var ei macho forteljing om to tøffingar.

– Eg vil påstå at boka ikkje i det heile er macho, understrekar han.

To menn i ein båt
Ramma er forteljinga om Strøksnes og kunstnaren Hugo Aasjord. Utanfor den vesle øya Skrova i Lofoten vil dei fange ei håkjerring med kadaveret av ein daud skotsk høglandsokse som agn. I tillegg til kjetting og hundrevis av meter med tau. For haien liker seg best på mellom 200 og 600 meters djup.

LES OGSÅ: Kva med litt nygrilla tarechips?

Strøksnes tek i dobbel forstand lesaren med ut på djupet i «Havboka». Han grev i havets ukjente sjeleliv. Han fortel historia om havet og fyr- og kysthistorie, marinbiologi og mytar – og samstundes om jakta på urskapningen der nede.

– Kva vil du fortelje med boka?

– Det er ikkje berre éin ting eg vil fortelje, det er veldig mange ting. Men viss eg fekk kniven på strupen og måtte kondensere det ned til éin ting, så prøver eg å vekke den latente kjærleiken folk har til havet. Dei som har det frå før, treng ein ikkje gjere så mykje med. Men eg trur det er mange lesarar som har eit forhold til havet, men som har blitt framandgjorde, seier Strøksnes.


Havet er ein arketype. Det meste kan relaterast til havet, døden og kjærleiken, seier forfattar Morten A. Strøksnes. (Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK)

Havet har endra betyding
Strøksnes flettar saman dei ulike forteljingane og trekker opp dei lange historiske linene når han skriv om korleis livet i havet har utvikla seg over millionar av år – fram til i dag.

– Me har alltid vore ein havnasjon. Dei fleste bur ved havet. Men haldninga til havet har endra seg. Før dreiv mange med fiskeri og var på havet på den måten, men dei siste tretti-førti åra er det først og fremst olja som kjem frå havet. Det er ein mykje meir abstrakt form for rikdom, seier Strøksnes.

LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane

– Er boka ei påminning om kva havet har betydd for oss som nasjon?

– Ja, det også. Og ikkje berre kulturelt, men også i eit enormt langt perspektiv for alt liv på jorda. Me kjem frå havet. Ein snakkar om at regnskogen er den store klimaregulatoren. Ja det er viktig å ta vare på regnskogen, men det er havet som gir oss klima og avgjer korleis det går med oss.

Døropnar til livet under overflata
I boka møter ein også merkelege skapningar med like kuriøse latinske namn, som djevelfisken (Caulophryne polynema) eller kjempeblekkspruten (Linophryne arborifera). Sistnemnde har auge store som tallerkenar og eit avansert kamuflasjesystem.

Det er lett å la seg fascinere. Strøksnes opnar døra til det ukjente som lever under vass-skorpa, og tek også lesaren med på ei historisk vandring i korleis litteraturen opp gjennom hundreåra har skildra dei ukjente skapningane.

– Me veit framleis lite om livet i havet, spesielt på dei store djupa. Det er mange fleire som har vore ute i verdsrommet enn nede på dei store djupa. Kvar gong ein hentar opp prøvar derifrå, finn ein nye livsformer. Havdjupa er på eit vis undermedvitet til jorda.


Nokre hundre meter under overflata på Vestfjorden, mellom Lofoten og Salten i Nordland, lurer håkjerringa. Foto: Morten A. Strøksnes/NPK

Forteljinga om havet gir suksess
Havet har skjenkt Strøksnes suksess, og boka er nominert til Brageprisen i kategorien sakprosa. Men om ein plukkar opp boka og kikkar på ho, står det inga sjangernemning på ho.

– Det var veldig bevisst at når eg skulle skrive om noko så djupt og stort og fritt som havet, så skulle eg ikkje la meg binde av sjangerkonvensjonane. Her var det ingen grunn til å snevre inn, forklarer Strøksnes.

Det er altså ikkje likeframt å setje verken boka eller Strøksnes i ein litterær bås. Han skriv sakprosa, men låner frå romankunsten. Det får han ros for frå eit nær unisont positivt meldarkorps.

– Det er litt rart. Eg har alltid hatt eit avstandsforhold til kritikarane. Eg veit at eg har skrive den boka eg sjølv ville skrive. Å seie det kan jo sjølvsagt vere ein forsvarsmekanisme. Viss eg hadde mislukkast skikkeleg, då kunne eg sagt det.

– No er tilbakemeldingane stort sett gode og då er eg jo naturlegvis skikkeleg glad for det, skundar Strøksnes seg å leggje til.

LES OGSÅ: «Julefeiringa er ein stor triumf for meg»

Faktaboks

 Fakta: Morten A. Strøksnes

* Idéhistorikar, journalist, forfattar og fotograf.

* Fødd i Finnmark i 1965 og busett i Oslo.

* Har tidlegare gitt ut bøkene «Hva skjer i Nord-Norge?» (2006), «Et mord i Kongo» (2010) og «Tequiladagbøkene» (2012).

* Er nominert til Brageprisen 2015 i kategorien sakprosa for «Havboka». Blei i 2012 nominert til same prisen for boka «Et mord i Kongo».

* «Havboka» er seld til Tyskland, Spania, Italia, Nederland, Sverige, Danmark, Frankrike, Storbritannia, USA og Taiwan, der ho blir gitt ut på tradisjonell kinesisk.

(Kjelde: Forlaget Oktober) (©NPK)