Møllesus eller oljerus?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF-politikar Solveig Lambach Fitjar (19) sit i førarsetet på elbilen som tek oss til vindmølleparken på Midtfjellet i Fitjar kommune. Ho er frå ein gard i nærleiken og lokalkjend i området. 19-åringen opnar bommen med adgangskortet ho har fått låna av far sin, som er med i Fitjar fjellsameige. Snart reiser vindmøllene seg til høgre og til venstre, medan vi krusar over grusvegane som smyg seg etter landskapet.

LES OGSÅ:Klimaforskaren som ikkje flyr

Ved ei av dei ytste møllene stoggar ho. Herfrå ser ein så langt synet rekkjer utover skjergarden. Det er ikkje uforståeleg at nokon har føreslått å lage eit badebasseng nett her, heita opp av restvarme frå transformatoren.

– Det er fascinerande, dei er gigantiske.

Ordførarkandidat for Bømlo Høgre, Anri Hebib (21), kommenterer synet frå baksetet av elbilen. Han har aldri vore i vindmølleparken på Fitjar før han vart med Framtida.no på vindmøllesafari.

– Det er mykje plass som er teke i bruk. Samstundes er det jo ikkje berre ein vindmøllepark, men også eit turområde, seier han.

– Må byrje omstillinga
Solveig og Anri er to unge politikarar i samfunn som er nært knytt til olje- og gassektoren. Spørsmålet om kva Sunnhordland skal leve av etter oljealderen, pressar seg på, ifølgje mellom andre initiativtakar for Besteforeldrenes klimaaksjon, Halfdan Wiik.

– Stord må byrje omstillinga, elles kan det gå skikkeleg gale. Det er eit einsidig industrisamfunn, som har gjort seg totalavhengig av nye oppdrag frå olje- og gassindustrien. Skal vi lytte til klimaforskarane, er det allereie for mykje CO2 i atmosfæren, seier Wiik.

LES OGSÅ:– Dårleg debattklima om klima

Solveig og Anri er einige i at lokalsamfunna deira må leite etter nye kjelder til arbeidsplassar. Til summinga frå vindmøllene tek dei utfordringa med å svare på kva Sunnhordland skal leve av i framtida.

Kunnskap og vind
Anri trur for rask utfasing av olje og gass kan verke mot føremålet.

– Eg ser at enkelte parti vil fase ut olje og gass med ein gong, men då vil vi få store økonomiske problem. Dersom folk byrjar å merke det på lommaboka, då vil klimaspørsmålet verte nedprioritert, trur han.

– Vi må fase ut olje litt etter litt. Undervegs er det utruleg viktig at vi kjem inn med miljøvenlege arbeidsplassar, seier han.

Krf-politikar Solveig trur kunnskap er eit anna nøkkelord for kva som kan erstatte oljen i framtida.

– Når vi har så mange ingeniørar som vi har, så bør vi gjere kunnskap til ein eksportvare. Vi kan vere med å skape arbeidsplassar i utlandet som også vi sjølve kan dra nytte av. Eg håpar også vi vil ha fleire arbeidsplassar innan fiske og havbruk, og fleire vindmølleanlegg, til dømes til havs, seier ho.

LES OGSÅ:Ho vil ut av fortida

Også Anri er oppteken av at fornybar energi er framtida. Han oppfordrar til investeringar i selskap som utforskar fornybart, og ei solid satsing på forsking og utdanning innan feltet. Vind, vatn, sol, hydrogen og biodrivstoff har stort potensiale, meiner han.

På Bømlo har det tidlegare vore oppheita debatt om vindmøller. Vil Høgres ordførarkandidat i kommunen ha vindmøller i eigen bakgard?

– Det er eit godt spørsmål. Eit spørsmål er jo om kor mykje fjell vi har og korleis landskapet og dei tekniske moglegheitene er der. Men eg syns det er viktig å ta i bruk dei ressursane vi har, og vind har vi, anten vi vil eller ikkje. Å nytte den ressursen er ei god mogleghet. Eg ser absoutt føre meg at Bølmo kan vere ein plass å ha vindmøller, seier Anri.

Før han legg til:

– Eg har høyrt at dei bråka noko kolossalt då, det har eg lyst å sjekke.

Delt om møllene
Solveig svingar elbilen inn framfor transformatoren i parken, og vi går ut. Vinden bles friskt.

44 møller produserer nok energi til om lag 17 500 husstandar, eller nok straum til heile Sunnhordland.

– Her oppe høyrer ein vindmøllene, men i Fitjar sentrum kjem det veldig an på kva retning vinden kjem frå og kor stille det er. Nokre dagar høyrer du dei ganske godt, medan andre dagar høyrer du dei ikkje i det heile teke, fortel ho.

LES OGSÅ:«Shit, dette kjem til å skje»

Folk i bygda var veldig delte då vindmøllene kom, ifølgje Krf-politikaren. Sjølv var ho positiv.

– Heldigvis har det vore fleire positive enn negative, slik at vi enda opp med å få møllene. Det er eit stort inngrep, men som du ser er vegane forma etter naturen. Møllene gjorde fjellet tilgjengeleg for alle, som for bestemora mi i rullestol. Eg tykkjer det er veldig stilig at ein liten plass som Fitjar kan vere med på noko så stort, seier ho.

Ja, takk – begge deler?
Klimaendringane aktualiserer ikkje berre spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida, men også kva retning vi ønskjer at samfunnet skal gå i. No legg regjeringa opp til ei tredobling av forbruket til Kari og Ola Nordmann, men kan ein sameine dette med å redusere klimagassutslepp?

Ja, meiner Solveig.

– Eg trur det. Vind- og vasskraft er gode erstatningar for olje og gass, og det er mogleg å vidareføre dette også til utlandet. I til dømes Afrika kan solenergi spele ei viktig rolle i velstandsauka, framføre olje og gass, seier ho.

LES OGSÅ:Oljedilemmaet i det rike Nord

Anri trur vi må verte meir nøysame enn vi har vore til no.

– Vi kan ikkje drøyme om å ha det betre enn i Noreg. Siv Jensen har allereie sagt at vi kan gløyme den toppen vi har hatt. Eg trur Sverdrup-feltet kan verte det siste store oljefeltet for Noreg, og at standarden heller vil bli at vi må spare litt.

Moglegheita til å ta ansvar
For Solveig er det ein naturleg del av kvardagen å kjeldesortere, og ho er glad i elbilen.

– I Noreg må vi ta ansvar fordi vi har moglegheita til det. Alle land har ikkje dei same moglegheitene. Tida vil syne om vi treng reglar for å handle meir klimavenleg eller om det kjem til å kome av seg sjølv. Eg håpar at vi kjem utanom og at det er noko vi sjølv vil forstå at vi må gjere, seier ho.

Anri er optimistisk og trur ikkje reglar er naudsynt.

– Eg ser at folk byrjar å tenkje meir på miljø og klima. Vi vert meir klar over den kvardagen som ventar oss om vi ikkje tek tak, meiner han.

– Det er jo allereie folk som er på flukt som følgje av klimaendringane, og det er noko vi har vore med på å påverke, skyt Solveig inn.