Mindre aggressiv med feit mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane har studert korleis feitt og kolesterol verkar i griseverda, men er nokså sikre på at resultata kan overførast til menneske ettersom fysiologien er så lik.

– Så dette er heilt klart noko vi må ta til etterretning. Det vi no må finne ut av, er kor mykje feitt som er optimalt for den fysiske og psykiske helsa, seier Annika Maria Juul Haagensen ved Københavns Universitet, som har vore leiar for prosjektet, til forskingsportalen Videnskab.dk.

LES OGSÅ: Lurt å ete tytebær til feit mat

Kolesteroleffekten
Studien viste òg at sukker i kosten ikkje påverka åtferda til dyra.

Ei mogleg forklaring på den gunstige verknaden av feittet, er at feitt og kolesterol aukar utskiljinga av serotonin, eit signalstoff som påverkar aggressivitet, depresjon og angst, trur forskarane. Andre studiar viser òg at kolesterol aukar opptaket av næringsstoff frå blodet til cellene, noko som òg er gunstig. (©NPK)