Menneskehandlarar ser mot Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trafficking, eller menneskehandel, er ei av globaliseringa sine mest tragiske konsekvensar. I Europa arbeider eit titals tusen kvinner som prostituerte under tvang, i følgje FN.

I Noreg er problemet stadig aukande, i takt med den økonomiske og sosiale utviklinga i Europa. Noreg er både eit transittland og eit mottakarland for menneskehandlarar som tenar pengar på sårbare jenter frå Aust- og Sentral-Europa, Asia og Afrika. 

At det blir meir aktuelt å shippe personar til Noreg er kanskje ikkje så rart: Bakmennene kan få 1000 euro for natta viss dei sel prostituerte i Noreg, mot 500 euro lenger sør i Europa, ifølgje TV2

Les også: Fryktar HIV-epidemi i Noreg

Ikkje berre prostitusjon
Menneskehandel fører ikkje berre til prostusjon. Ifølgje politiet er menneskehandel også:

"når ein person utnyttar ein annan til (…) tvangsarbeid eller tvangstenester, medrekna tigging, krigsteneste i eit framand land eller organhausting gjennom tvang, vald, trugsmål, villeiing eller misbruk av personens sårbare situasjon". 

I straffelova er all slik utnytting av personar under 18 år definert som menneskehandel, uavhengig av om vald, trugsmål eller annan utilbørleg åtferd er brukt.

Det er avsagt 27 dommar som gjeld menneskehandel her i landet. Omtrent halvparten er saker frå Hordaland, der politiet har oppretta ei eiga gruppe som arbeider mot menneskehandel.

Likevel er det slik at 9 av 10 saker vert lagt bort av domstolane på landsbasis.

Internasjonalt samarbeid
Det er nødvendig med samarbeid over landegrensene for å møte desse problema, sa lagdommar Hanne Sophie Greve på eit seminar om menneskehandel i Bergen måndag.

Greve var første leiar av Europarådets overvåkingsorgan mot menneskehandel (GRETA) og orienterte om det europeiske samarbeidet på området.

– Målet er å førebyggje, beskytte offera og straffeforfølgje bakmennene. Det er ikkje nok at vi gjer dette i Europa, vi må også ta kontakt med landa der mange av offera kjem frå, sa Greve og fortalte at EU blant anna har lagt press på Nigeria, som er heimlandet til eit mange prostituerte som opererer i Europa.