Meir trendy enn Louis Vitton

No er det trendy å kalla sonen sin Filip og dottera Emma. Men kvifor valde mange foreldre å kalla dottera si Hermine tidleg på 2000-talet?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei mest populære namna

Svaret på det spørsmålet er nesten openbart – sjølvsagt er det snakk om foreldre som har lest om eller sett Harry Potter-heltinna Hermine Grang, og blitt så begeistra at arvingen fekk same namn.

Under ser du hoppet Hermine fekk på tidleg 2000-tal. Men kvifor fekk ikkje Harry, hovudpersonen i serien, eit liknande hopp?

Kurvane viser utviklinga i bruken av namna Harry og Hermine frå 1880 til i dag. Tabellar frå Statistisk Sentralbyrå (SSB)

– Grunnen til at Harry ikkje slår an i Noreg no, er nok at harry blir brukt som eit adjektiv på ein måte foreldra ikkje ønskjer å knyta til barna sine, svarar Ivar Utne, namneforskar ved Universitet i Bergen.

LES OGSÅ: Harry Potter skapar toleranse

Bølgjedalen
Populariteten til namn går i bølgjer – eit namn kan vera kjempepopulært ein periode før det forsvinn heilt. Kvifor er det slik?

– Det er som med motar elles, svarar Utne.

– Etter at mange har brukt namna eller namn som liknar på eit eller anna vis, blir dei utslitne. Dessutan er det naturleg at ein foreldregenerasjon vil markera sin eigen stil og velja ulikt sine foreldre.

Utne legg til at det er dei mykje brukte namna som går gjennom denne prosessen, og at mindre brukte namn kan vera stabile lenger. Men desse kan bli meir påverka av populærkulturen – eller rettare sagt av kjendisar.

LES OGSÅ: Æ, Ø og Å på veg ut

«Svake mennesker»
Til dømes fortel Utne om eit merkbart hopp i populariteten til namnet Jannicke rundt 1981 – etter at Gry Jannicke Jarlum låg øvst på VG-lista i 16 veker med «Svake mennesker».

– Populærkultur kan verka når namna passar. Det finst nokre få døme, men me kan ikkje sjå ein utbreidd tendens. At nokre namn slår an har mest truleg å gjera med at namna passar med trendane for namn til born i tida, forklarar Utne.

Det er altså ikkje alltid slik at kjendisane dikterer namnevalet til resten av folket.

– Er namna for spesielle, er folk meir i tvil om dei vil velja dei, slik som det ukjende tradisjonsnamnet Ømjer, som er namnet på Arne Hjeltnes si dotter, legg Utne til.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk

Bjørn, ikkje Vegard
Når det kjem til populærkulturen, er det helst filmar som kan ha ein effekt på namna. Hermine kan vera eit døme, og Utne trekk fram både Emil, Ida og Malin som namn som gjekk gjennom same prosessen.

Men det er to andre grupper som kanskje gjer endå større utslag. Idrettsstjernene og kongefamilien. Til dømes vart Harald, eit tradisjonelt viking-namn i Noreg, mindre og mindre populært på starten av 1900-talet – heilt til det gjorde eit enormt hopp i 1937. Mest truleg frå rundt februar – då vart nemleg kong Harald fødd.


Illustrasjon: Statistisk sentralbyrå

Men timinga er viktig her og.

– Dei kongelege namna Haakon, Olav, Harald, Astrid, Ragnhild traff trendar i tida i første halvdel av 1900-talet. Trenden var namn frå den norske mellomalderen, og desse namna var allereie mykje i bruk.

Når det gjeld idrettsstjernene kan me sjå skilnaden mellom to av dei største frå starten av 90-talet: Bjørn Dæhli og Vegard Ulvang. Medan namnet Vegard vart mykje meir populært på denne tida traff ikkje Bjørn på same måte – det var allereie gamaldags.

LES OGSÅ: «YOLO» og «side boob» inn i ordboka

Kall det eit comeback
Så – timinga er viktig. Men er det mogleg å spå kor populært eit namn vil vera om nokre år?

Ifølgje Time – ja.

Følger du linken kjem du til ein modell som gjer akkurat dette – den spår kor populære ulike namn vil vera dei neste 25 åra. Til dømes varslar dei at Evelyn vil bli voldsomt populært i åra som kjem, og med det få eit comeback etter storheitstida rundt 1920. Modellen spår og at populariteten til namna Miley (som i Cyrus) og Bella (som ho i Twilight) fort kjem til å dala etter ein liten oppsving.

Tala gjeld rett nok berre for USA, men viser det same som Ivar Utne seier: Namnetrender går i bølger og populærkultur kan ha ein liten, men ikkje ekstrem effekt.

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor